Avdelingsleiar Service og samferdsle - Stend vgs

Stend vidaregåande skule har om lag 520 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsle, allmennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 170 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

Frå 01.08.2019 har skulen ledig stilling som avdelingsleiar for Service og samferdsle.

Service og samferdsle er ei lita og relativt ny avdeling på Stend vgs. Fagleg og sosial læring er skulen sine kjerneoppgåver. For å nå høge mål for elevane, er pedagogisk leiing og god personalleiing dei viktigaste oppgåvene for ein avdelingsleiar. Skulen har ein eigen gardsbutikk som er ein viktig læringsarena for elevane, og ansvaret for utvikling og drift av butikken skal ligge under avdelingsleiaren på Service og samferdsle. Service og samferdsle er framleis under oppbygging på Stend. Programområdet får ny struktur med nye fag og læreplanar. Avdelingsleiar skal ha hovudansvar for utvikling og marknadsføring av tilbodet på Stend.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiing. I dette ligg det personalansvar, økonomiansvar, samt ansvar for pedagogisk utvikling i eiga avdeling. Inngår i leiargruppa på skulen.
  • Det vert lagt undervisning til stillinga, og det er difor eit krav at søkjar har undervisningskompetanse i eitt eller fleire av programfaga.
  • Det vil vere administrative oppgåver til stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Skulen søkjer ein tydeleg leiar med systemforståing, stor skulefagleg innsikt og gode relasjonsferdigheiter.
  • Leiaren må like å drive utviklings- og endringsarbeid.
  • Den som blir tilsett, må ha ein open, samarbeidande og inkluderande leiarstil.

Kvalifikasjonar

  • God kjennskap til dei skuleadministrative systema.
  • Generell IKT-kompetanse.
  • Generell innsikt i personalarbeid og økonomistyring.
  • Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magnus Vaktskjold
Magnus Vaktskjold