Avdelingsleiar realfag - Sandsli vgs

Sandsli vidaregåande skule har om lag 570 elevar innan studiespesialiserande og restaurant- og matfag, og om lag 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Skulen arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg.
På Sandsli gir vi «næring til læring», og resultata viser at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling og gode resultat. I skuleåret 2018-2019 har Sandsli starta eit fagleg samarbeid i matematikk med ungdomskular i Ytrebygda.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiing, for tida om lag 70 %. I dette ligg det personalansvar og medarbeidarutvikling, økonomiansvar, samt ansvar for pedagogisk utvikling i eiga avdeling og iverksetting av fagfornyinga.
  • Avdelingsleiar i realfag inngår i leiargruppa på skulen og er leiar i IT-gruppa på skulen.
  • Det vil vere administrative oppgåver til stillinga, blant anna hovudansvar for skulen sine timeplanar.
  • Det vert lagt undervisning til stillinga, og det er difor eit krav at søkjar har undervisningskompetanse i fleire av realfaga.

Personlege eigenskaper

  • Skulen søkjer ein tydeleg leiar med systemforståing, stor skulefagleg innsikt og gode relasjonsferdigheiter. Leiaren må like å drive utviklings- og endringsarbeid. Den som blir tilsett, må ha ein open, samarbeidande og inkluderande leiarstil.

Kvalifikasjonar

  • Kjennskap til dei skuleadministrative systema
  • God IKT-kompetanse
  • Generell innsikt i personalarbeid og økonomistyring
  • Leiarerfaring og erfaring frå vidaregåande skule er ønskeleg.
  • Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Sandsli er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og høge faglege ambisjonar, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
  • Deltaking i ei utviklingsorientert leiargruppe.
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rune Dolvik
Rune Dolvik
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Silvia Rovira Ribó
Silvia Rovira Ribó