Avdelingsleiar: Maskin - Fagskolen i Hordaland

Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, lik universitet og høgskolar, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både fagleg innsikt og leiarkompetanse. Fagskolen i Hordaland er ein av landets største fagskolar og gir i dag tilbod til om lag 1200 studentar og har omlag 100 tilsette. Skolen opplever stadig aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette.

Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleire fleksible og dyktige
medarbeidarar. Vi treng ein leiar til vår avdeling innan maskinfag.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar
  • Budsjettansvar
  • Deltakar i leiargruppa
  • Kontakt med studanter på avdelinga
  • Kontakt med næringslivet
  • Kvalitetstyrande prosessar

Personlege eigenskaper

  • Utadvent
  • Målbevisst
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel

Kvalifikasjonar

  • Minimum Bachelor innan fagområdet
  • Leiarerfaring
  • Yrkeserfaring fra fagområde
  • Erfaring med kvalietsarbeid
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane, og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torbjørn Tvedt
Torbjørn Tvedt