Avdelingsleiar: Helse og oppvekst - Os vgs

Os vidaregåande skule har desse 5 yrkesfaglege utdanningsprogramma:
• Bygg- og anleggsteknikk
• Elektrofag
• Helse- og oppvekstfag
• Service og samferdsel
• Teknikk og industriell produksjon

Os vidaregåande skule har 480 elevar, 100 tilsette og 5 utdanningsprogram, og har tilbod med særskilt tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse.

Visjonen for skulen er "- for samarbeid og læring".

Skulen har ifrå 1. august ledig ei stilling som avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag samt arbeids- og kvardagslivsklassene.
Ved avdelinga har vi programområde for ambulansefag, barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfag.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har ansvar for å utvikle og leie avdelinga.
  • Avdelingsleiar inngår i leiarteamet på skulen.
  • Avdelingsleiar har personalansvar for tilsette i avdelinga.
  • Avdelingsleiar har ansvaret for budsjett og økonomi på avdelinga
  • Avdelingsleiar for HO har ansvar for tilrettelagte grupper.
  • Avdelingsleiar har ansvar for samarbeid med arbeids- og næringsliv m.a. om praksisplassar for elevane.
  • Det kan bli lagt undervisning til stillinga.
  • Endeleg fastsetting av arbeidsoppgåver og ansvar vil bli gjort ut frå ei heilheitsvurdering av kompetanse og arbeidsfordeling i heile leiinga.

Personlege eigenskaper

  • Tydeleg leiar med vilje og evne til pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
  • Løysings- og resultatorientert.
  • Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.
  • Evne til å skape gode endringsprosesser.

Kvalifikasjonar

  • Røynsle frå vidaregåande skule er ønskjeleg, men anna relevant erfaring kan og vere aktuelt.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Søkjar må ha undervisningskompetanse i fag på avdelinga.
  • Det er viktig med god IKT-kompetanse.
  • Alle ny tilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Inger-Elin Epland
Inger-Elin Epland