Avdelingsleiar for fellesfag - Os vgs

Os vidaregåande skule har desse 5 yrkesfaglege utdanningsprogramma:
- Bygg og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Service og samferdsel
- Teknikk og industriell produksjon

Os vidaregåande skule har 480 elevar, 100 tilsette og 5 utdanningsprogram, og har tilbod med særskilt tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse.

Visjonen for skulen er "for samarbeid og læring".

Skulen har frå 1. august ledig ei stilling som avdelingsleiar for fellesfaga. Ansvar for deler av Service og samferdsel kan og bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Vere med og sjå til at opplæringa skjer i samsvar med lover og forskrifter og i samsvar med skulen sin visjon, pedagogiske plattform og utviklingsplan.
  • Delta i eller leie skulen sitt ressursteam og dermed ha oversikt over og eit ansvar for elevar som har behov for styrkingstiltak av ulike slag. Vedkomande vil samarbeide tett med rådgjevarar, OT/PPT og skulen si helsesøster.
  • Avdelingsleiar har ansvar for å utvikle og leie avdelinga.
  • Avdelingsleiar har personalansvar for tilsette i avdelinga.
  • Det kan bli lagt undervisning til stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Tydeleg leiar med vilje og evne til pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
  • Løysings- og resultatorientert.
  • Gode evner til omstilling.
  • Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.
  • Er systematisk, strukturert og har gode samarbeidsevner.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha undervisningskompetanse i fag på avdelinga.
  • Ønske med erfaring frå arbeid knytt til elevtenester, tilpassa opplæring og spesialundervisning.
  • Det er viktig med god IKT-kompetanse.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
  • Triveleg arbeidsmiljø

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Johan Henrik Lassen
Johan Henrik Lassen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Audhild Tveiterås
Audhild Tveiterås