Avdelingsleiar - Tilrettelagt opplæring - Stord vgs

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen ca 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og industriell produksjon og IKT- servicefag. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar innan nokre år. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Me søkjer etter Avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring.

Hovudoppgåvene i stillinga er å leie avdeling for tilrettelagt opplæring og å delta i skulen sitt leiarteam. Avdeling for tilrettelagt opplæring har ca 35 elevar fordelt på 6 grupper innan grunnkompetanse, kvardagslivstrening og arbeidslivstrening. Det er til saman 24 tilsette i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
  • Deltaking i skulen sitt leiarteam
  • Personalleiing for avdelinga
  • Budsjettstyring og økonomiansvar
  • Koordinering av spesialundervisning og samarbeid med eksterne instansar ( td.OT/PPT)
  • Det kan leggjast undervisning til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Ein tydeleg leiar med vilje og evne til god pedagogisk leiing
  • Evner til å kommunisera, rettleie og motivere
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
  • Systematisk, nøyaktig og løysingsorientert
  • Det vert lagt vekt på at søkjar er personleg eigna

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha spesialpedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå fagområdet særskild tilrettelagt opplæring
  • Det er ynskjeleg med leiarerfaring og leiarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad
  • Alle nytilsettinger i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader Den som blir tilsett må legge fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Eit utviklande og engasjerande arbeidsmiljø

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Erik Henneli
Erik Henneli
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ellen Strandenes
Ellen Strandenes