Avdelingsleiar - Bergen Katedralskole - Avd Kyrre skole

Bergen Katedralskole er ein studiespesialiserande skule i Bergen sentrum, med fagtilbod knytt til programområda realfag og språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg har skulen eit tilbod for minoritetsspråklege elevar og IB-tilbod (International Baccalaureate). I Kalfarveien ligg undervisningslokala for skolen sitt Vaksenopplæringssenter, avdeling VO.
Bergen Katedralskole, avdeling Kyrre skole, er eit tilrettelagt skuletilbod for ungdom med psykiske vanskar. Vi tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram til om lag 120 elevar. Det er planlagt at avdelinga skal flytte til nye lokale i Bergen sentrum vinteren 2020.
Bergen Katedralskole har totalt om lag 1200 elevar og 130 tilsette.

Frå 01.08.19. er det ledig stilling som avdelingsleiar ved avd Kyrre.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og utvikling av avdeling Kyrre
  • Avdelingsleiar er del av skolen sitt leiarteam, og må såleis ha fokus på god integrering av Kyrre som ein del av Bergen Katedralskole
  • Pedagogisk- personal- og økonomiansvar
  • Bruk og implementering av digital læringsteknologi
  • Deltaking innkjøp av utstyr og læremidlar
  • Inntak av elevar
  • Det kan leggjast undervisning til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Vi ser etter ein leiar med stor arbeidskapasitet, evne til å sjå gode løysingar, ein medskapar, og eit menneske med sjølvinnsikt og empati.
  • Søkjaren må kunne arbeide strukturert og systematisk, sjølvstendig og i samarbeidsteam.
  • Kompetanse til å drive prosessar og få medarbeidarar engasjerte i desse.
  • Gode kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse.
  • Du vert motivert av endring og er interessert i nyskaping.

Kvalifikasjonar

  • Til både leiar- og undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Det er i tillegg ønskjeleg med relevant leiarutdanning som t.d. rektorskole eller tilsvarande.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå tilsvarande leiarstilling, gjerne innan fylkeskommunalt område
  • Det er ønskjeleg med spesialpedagogisk utdanning og røynsle.
  • God kjennskap til offentleg lov- og avtaleverk.
  • God kompetanse innan IKT.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Bergen Katedralskole er ein flott arbeidsplass, har dyktige kolleger og elevar som arbeider målretta. Avdelinga har svært kompetente medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
  • Bruk elektronisk søknadsskjema
  • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
  • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
  • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna, ein sideordna, og ein eventuell underordna

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lise Holsen
Lise Holsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kari Spilsberg
Kari Spilsberg