Avdelingsleiar - Amalie Skram vgs

Amalie Skram vgs har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå hausten 2019. Avdelingsleiar inngår i skulen sitt leiarteam og rapporterer direkte til rektor. Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane og tilbyr leiaropplæring som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har ansvar for å utvikle og leie avdelinga.
  • Avdelingsleiar har personalansvar for tilsette i avdelinga.
  • Undervisning kan inngå i stillinga.
  • Fellesoppgåver knytt til dagleg drift og pedagogisk leiing
  • Delta i skulen sine internasjonaliseringsaktivitetar.
  • Medverke aktivt til skulen sine andre elevretta aktivitetar.
  • Endeleg fastsetting av arbeidsoppgåver og ansvar vil blir gjort ut frå ei heilheitsvurdering av kompetanse og arbeidsfordeling i heile leiinga.

Personlege eigenskaper

  • Tydeleg leiar med vilje og evne til pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
  • Løysings- og resultatorientert.
  • Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig.
  • Du er inkluderande og flink til å byggje relasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Røynsle frå vidaregåande skule er ønskjeleg, men anna relevant erfaring kan og vere aktuelt.
  • God kompetanse innanfor IKT og skuleadministrative program.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Treningssenter for tilsette og elevar på skulen.
  • Moderne skulebygg i sentrum av Bergen.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Maria Jose Sanchez Olsen
Maria Jose Sanchez Olsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lars Berntsen
Lars Berntsen