- Søknadsfrist
- Stad
- Fanaveien 249 , Bergen
- 5244 Fana
- Fagfelt
- Undervisning / Opplæring
- Andre opplysningar
-
Stillingsbrøk: 100 %
- Stillingstype
- Fast
- Startdato
- Antal stillingar:
- 1
Arbeidsoppgåver
- Assisterande rektor er rektor sin næraste medarbeidar og skal fungere som rektor i hans fråvær.
- Assisterande rektor sitt ansvarsområde omfattar i tillegg arbeid med skuleutvikling, ressursplanlegging, samarbeid med eksterne utdanningsinstitusjonar og marknadsføring av skulen.
- Assisterande rektor er leiar for det spesialpedagogisk arbeidet i ordinære klassar, og har personalansvar for tilsette i elevtenesta.
- Det vert lagt noko undervisning til stillinga, og det er difor eit krav om at søkjar har undervisningskompetanse i eitt eller fleire av faga i skulen sine utdanningsprogram.
Personlege eigenskaper
- Skulen søkjer ein person som er resultatorientert og ansvarsbevisst, og som arbeider strukturert.
- Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig.
- Du må vere sosial og inkluderande, og ha evne til å bygge gode relasjonar.
- Du må ha stort engasjement og evne til å motivere.
Kvalifikasjonar
- Til alle pedagogiske leiarstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jamfør Opplæringslova.
- Erfaring som avdelingsleiar eller assisterande rektor er ønskjeleg.
- Utdanning innan leiing og organisasjonsutvikling er ønskjeleg.
- Kunnskap om personalarbeid.
- Kunnskap om IKT til pedagogisk og administrativ bruk.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
- Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Følgjande blir tilbydd
- Stend vgs. er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsplassen
Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.