Assisterande rektor - Sotra vgs

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfaglege og studiespesialiserande programområde. Vi har to skulestader, Bildøy og Sund med tilsaman 850 elevar og 150 tilsette.
Vi er også vaksenopplæringssenter for Askøy, Sotra og Øygarden og har ca. 200 elevar innanfor ulike program her.

Skulen har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape eit miljø tufta på respekt, inkludering og medansvar.
Vi i leiargruppa samarbeider tett og legg vekt på open kommunikasjon og stor takhøgd, med rom for både skjemt og alvor. Vi legg også vekt på eit godt samarbeid med organisasjonane i alle saker som gjeld skulen og personalet.
Vi søkjer ein person som er interessert i pedagogisk og administrativ skuleleiing og skuleutvikling. Assisterande rektor skal arbeide tett med rektor, og er saman med rektor ansvarleg for utvikling og drift av skulen.

Arbeidsoppgåver

  • Assisterande rektor er rektor sin næraste medarbeidar og skal fungere som rektor i hans fråvær.
  • Assisterande rektor er ansvarleg for alt timeplanarbeid og ressursplanlegging i samarbeid med avdelingsleiarar.
  • Assisterande rektor er leiar for ressursteam og elevtenesta og har personalansvar for tilsette i elevtenesta.
  • Assisterande rektor er ansvarleg for elevrådsarbeidet ved skulen.
  • Assisterande rektor sitt ansvarsområde omfattar i tillegg samarbeid med eksterne utdanningsinstitusjonar og marknadsføring av skulen.

Personlege eigenskaper

  • Evne til å sette klart definerte mål og arbeide strategisk for å nå desse
  • Gode relasjonsferdigheiter og eit romsleg menneskesyn
  • Evne til å skape tillit, har stort engasjement og god samarbeidsevne
  • Løysingsorientert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å jobbe med fleire oppgåver samtidig
  • I utveljinga vert det lagt stor vekt på personleg dugleik og at ein kan bidra til fagleg breidde i leiargruppa ved skulen

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. Opplæringslova.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring og leiarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad
  • Kunnskap om personalarbeid.
  • Kunnskap om IKT til pedagogisk og administrativ bruk.
  • Alle nytilsettingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torstein Telle
Torstein Telle