Assisterande rektor - Askøy vgs

Askøy videregående skole søkjer etter assisterande rektor. Skulen har i dag om lag 530 elevplassar fordelt på 5 studieprogram (BA,EL, HO, ST og TP). Skulen gjev og tilbod om særskilt tilrettelagt opplæring. Vi er i dag kring 90 tilsette.
Gjennom eit tett samarbeid med elevrådet legg skulen vekt på at elevar og tilsette møter kvarandre med gjensidig omsorg, tillit og respekt. Askøy vgs vart MOT-skule i 2015. Elevar og lærarar er engasjerte i arbeidet med å få til eit godt skulemiljø. Alle i skulesamfunnet set læring og pedagogikk i fokus slik det kjem til uttrykk i skulen sin visjon: Innsats for læring

Skulen er planlagt bygd om og utvida til å kunne gje eit godt tilbod til 970 elevar frå 2023. Det er og planlagt at vaksenopplæringa i Askøy kommune skal inn i nybygget.

Stillinga som assisterande rektor vil få ei sentral rolle i utvikling og organisering av den "nye" skulen.

Arbeidsoppgåver

  • Assisterande rektor er sentral i skuleleiinga og går inn i rektors stad ved fråvær.
  • Ansvar for å ta del i planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid og organisasjonsutvikling
  • Ansvar for systematisk arbeid med HMS, Eksamen, Dokumentasjon, Inntak og andre oppgåver etter intern fordeling i leiargruppa.
  • Avdelingsleiar for ei avdeling

Personlege eigenskaper

  • Du har eit positivt elevsyn og ser etter det beste i alle.
  • Du kan skape og halde ved like gode relasjonar både innad ved skulen og med samarbeidspartnarar i regionen vår
  • Du kan tenkje nytt og kreativt og leie endrings- og utviklingsprosessar
  • Du mestrar ein hektisk kvardag og er oppteken av resultat for våre ungdommar
  • Du arbeider strukturert og effektivt både med eigne oppgåver og i samhandling med andre.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og praksis frå skole og utdanningssektoren
  • Bør ha leiarerfaring og helst utdanning i skuleleiing
  • God økonomiforståing og god kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring frå skoleutvikling og FOU-arbeid.
  • Kunnskap om og interesse for pedagogisk bruk av IKT i opplæringa.
  • God IKT-kompetanse og gode ferdigheiter i skuleadministrative system
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med sterke fagmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Eit unikt høve til å ta del i utbyggingsprosessen av ny skule fram tl 2022
  • Spennande utfordringar med etablering av utdanningstilbodet ved skulen frå 2023
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons-og forsikringsvilkår.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Oddvar Skråmestø
Oddvar Skråmestø
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Sissel Øverdal
Sissel Øverdal