Allmennlærar med fordjuping i spesialpedagogikk   - Nordahl Grieg vgs - Tilrettelagt av avdeling

Nordahl Grieg videregående skole er ein ny skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og har nå 980 elevar og om lag 140 tilsette. Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.

Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”.
Skolen har intensjonsavtale og nært samarbeid med Universitetet i Bergen og er praksisarena for forsking. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.

Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon, Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Skolen er knutepunktskole for døve og hørselshemma.

Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.

Tilrettelagt avdeling på Nordahl Grieg vgs gjev tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal. Utdanningsløpet fører fram til
grunnkompetanse, dvs at ein jobbar med eigendefinerte fag og kompetansemål ut
frå eleven sine forutsetningar og potensiale (IOP) og på denne måten utrustar
den enkelte til å meistre eit arbeidsliv og daglegliv etter endt skuleløp.
Løpet vil i hovudsak ikkje kvalifisere for eit vitnemål med karakterar, men i
eit kompetansebevis som viser eleven sin kompetanse i dei utvalde måla og
fagområda.

Avdelinga tek utgangspunkt i utdanningsprogramma Media- og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag og har stort fokus på opplæring i sosial
kompetanse.

Avdelinga jobbar etter eit styrkebasert og meistringsbasert tankesett og legg stor vekt på arbeids- og yrkesstrening og praktisk arbeid i
alle fag. For meir informasjon, sjå NGV si heimside.

Vikariat i 100% stilling frå 1/2 2020 – 31/12 2020 med moglegheit for fast stilling.

Arbeidsoppgåver

    • Oppgåver som tilhøyrer undervsiningsstilling.
    • Kontaktlærar 

Personlege eigenskaper

    • Vi ønskjer personar som kan evne å skape gode relasjonar til elevane.
    • Gode samarbeidsevner og motivasjon for å arbeide med elevar med ulike utfordringar.
    • Vi ønskjer nytenkjande, reflekterte og kreative arbeidstakarar.

Kvalifikasjonar

    • Allmennlærarutdanning med fordjuping i spesialpedagogikk.
    • Det er sterkt ynskjeleg at den tilsette har erfaring med ungdom med lærevanskar
    • og utfordrande atferd.
    • Det er ynskjeleg med teiknspråkkompetanse 
    • Det vert lagt vekt på å ha ei tilnærming med fokus på
    • meistring og eleven sine styrkar.
    • Det kan vere ein fordel å ha kompetanse
    • innanfor felta Media- og kommunikasjon eller Helse- og oppvekstfag. 
    • Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.  
    • Personar som vert tilsette i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

    • Nordahl Grieg er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein viktig medarbeidar.
    • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
    • For meir informasjon, sjå skolens heimeside http://ngv.hfk.no

    Andre opplysningar 

    • Bruk elektronisk søknadsskjema
    • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
    • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine.
    • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna (kan vere rektor), ein sideordna (kan vera kollega) og ein eventuell underordna
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.  

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Idar Kløvning
Idar Kløvning