Sirkelspill av Per Formo

Fleire bilete av Per Formos Sirkelspill, som du kan sjå ved Sandslimarka.

Per Formos verk Sirkelspill er eit måleriforløp som strekkjer seg over heile 200 meter, frå starten av Dyrhovdtunnelen ved Sandslimarka haldeplass og vidare på lange betongvegger på andre sida av tunnelen, mot Kokstad. Arbeidet består av leikne enkeltfigurer og nokre små sirklar, alle danna av kvartsirkelbuer i 8 ulike fargar. Figurane er måla rett på den plass-støypte betongen, med KEIM silikatmåling. Målinga reagerar kjemisk med betongen, og er difor svært haldbar.

Figurforløpet er leikande og assosiasjonsskapande. Ein kan sjå dei lik levande figurer, køyretøy, ansikt eller ting. Eller ein kan gje seg fargane og formane i vald, og leite fram samanhengar og moglege rasjonelle systemer.

Formo_kvartsirkelbuer.png

Figurane er henta frå eit ‘kildemateriale’ laga gjennom ein prosedyre der struktur og tilfeldigheit er kombinert systematisk. Kunstnaren starta med kvadratiske rutenett i ulike format, og sett med 4+4 kvartsirkelbuer som passar i dei respektive kvadratane i rutenetta. Sirkelbuane vert spreidde utover i rutenetta ved hjelp av serier med tilfeldege tall, generert av atmosfærisk støy. Han kan variere kor mange lag med slike rutenett han vil ha for å få opnare/enklare eller tettare, meir komplekse komposisjoner. Eksemplet over viser ein relativt enkel versjon med tre lag med to ulike rutenett. Frå desse komposisjoane hentar han ut enklare figurer som han bruker som dei er, eller som vert endra noko for å få eit betre visuelt uttrykk.


A0009619.jpg
A0009647.jpg
A0009652.jpg
A0009659.jpg
A0009664.jpg
A0009667.jpg
A0009673.jpg
A0009677.jpg
A0009679.jpg
A0009695.jpg
A0009701.jpg
A0009707.jpg
A0009790.jpg
A0009796.jpg
Comp_A0009619.jpg

 

Gå til hovudsida om bybanekunst