Olje-Norge av Annette og Caroline Kierulf

I fjellskjeringa mellom Sandslivegen og Sandslimarka finn du fem skulpturar som på kvart sitt vis symboliserer Olje-Norge.

Langs ei fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka har Annette og Caroline Kierulf laga seks små skulpturar i brennlakkert aluminium, monterte på skiltstenger. Skulpturane, som har fått namna Dråpen, Flammen, Molekylet, Floken, Apeskrekken og Tangen, har på ulike vis koplingar til det svarte gullet som har brakt oss velstand og framgang, men som og har dilemma og utfordringar knytt til seg.

I naboskapen til skulpturane på Sandsli har store oljerelaterte selskap hatt tilhald i ei årrekke. Dei seks skulpturane er ei kjelde til undring og refleksjon for gåande, syklande og reisande langs og med Bybanen.

Dråpen

dråpen2-croppet.jpg

Ei rad konfliktar i verda er knytt til kamp om oljeressursar, der både menneskelege og materielle ressursar står på spel. Dråpen samanstiller blod og olje som dyrebare dråper med blanda konnotasjonar.

Flammen

Flammen-croppet.jpg

Ei ljos flamme er eit kjend syn på oljeriggane langs norskekysten, men og eit mykje brukt og motsetnadsfylt symbol! Flammen kan tyda energi, kraft og åndeleg reining - men og helvete, fare og død. 

Molekylet

Molekylet-croppet.jpg

Molekylet er ein modell av den kjemiske formelen for olje. Petroleum eller råolje består av hydrokarbonkjeder av ulik lengde. Dei store kulane på skulpturen er karboner, dei små er hydrogener.

Floken

Floken-croppet.jpg

Er dette Olje-Norges situasjon i eit nøtteskal?

Apeskrekken

Apeskrekken-croppet.jpg

Apeskrekk-treet er eit sokalla levande fossil, dvs. ein art som har overlevd til vår tid, sjølv om slektningane er daude for millionar år sidan. Apeskrekken var utbreidd i Jura-tida, for 140 - 200 millioner år sidan. 

Tangen

tangen-croppet.jpg

Olja blei danna for fleire millioner år sidan, av daude planter og dyr. Tangen er ein abstrahert, men gjenkjenneleg alge eller tang. Den strekkjer seg oppetter og utover og kan og referera til vekst i naturen.

Gå til hovudsida om bybanekunst