Modulære refleksjoner

Det er ikkje til å unngå å sjå det 56 meter lange verket når du kjem med Bybanen til Bergen lufthanm Flesland.

Modulære refleksjoner er eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Det er bygd opp av 84 modular. Flatene i modulane har varierande fargar, struktur og glans, og har formmessige koplingar til fasadeplater på Avinor sitt terminalbygg. Samla utgjer dei ein komposisjon på 2,4 x 35 m på den 56 m lange betongveggen. Komposisjonen strekker seg ut i lengderetning for å gje ei oppleving av høg fart. Formene kan minne om eit bylandskap sett frå eit hurtigtog, der former og vinklar blir abstraherte i forbifarten. Verkets relieff og dei reflekterande flatane gjer at kunstverket aldri står fram på eitt og same vis. Det er i stadig endring anten det er den reisande sjølv som flyttar på seg eller refleksjonar blir aktiverte gjennom andre hendingar i omgjevnadane.

MWanvik_HFK__Flesland_1718.jpg
MWanvik_HFK__Flesland_1725.jpg
MWanvik_HFK__Flesland_1803.jpg
MWanvik_HFK__Flesland_1841.jpg

 

Gå til hovudsida om bybanekunst