Bybanekunst

Langs Bybanen i Bergen kan du sjå ni ulike kunstverk. Kanskje har du og har sett glimt av kunsten på video ombord? Her er ei full oversikt med tekst og bilete av verka.

Prime: Marius Watz

watzbybanen3_fix.jpg

Watz har sett saman LED-stavar til enkle geometriske figurar. Verket er ein tolking av og leik med dei signal og trafikklys som finst i det offentlege rommet. Utgangspunktet er Andreaskrossen, trafikkskiltet som signaliserer plankryss mellom veg og jernbane. Dei enkelte stavane lyser opp i vekslande intervall, styrt av eit system basert på primtal. Slik blir det eit utal variasjonar av figurane, umoglege å føresjå.
Stad: Fageråstunnelen

Aldebaran: Maria Sundby

MariaSundby3_fix.jpg

Aldebaran er namnet på ei stjerne. Namnet skal tyde «følgjesven», noko som er godt å ha med seg på reisa, også med Bybanen. Dette prosjektet er ikkje er initiert og finansiert av Bybanen sitt kunstprogram, men blir opplevd som del av det pga. sin plassering på stoppestaden. Ved dette høve har kunstprogrammet sin kunstkonsulent gjeve råd om val av kunstnar.
Stad: Fantoft
Sjå fleire foto av Adebaran

Puls: HC Gilje

Giljebybanen7_fix.jpg

Verket er ei 150 meter lang LED-lysline som bukter seg langs tunnelveggen på begge sider; rød på den eine sida og blå på den andre. Buktene er laga slik at når Bybanen køyrar forbi, opplevast installasjonen som ei bølgjeform.
Stad: Paradistunnelen

The White Rabbit: Rachel Dagnall & Anita Hillestad

bybanekunst kanin

Er du heldig får du eit glimt av den kvite kaninen idet Bybanen passerar Nesttunvatnet. Verket gjev assosiasjonar til barn si fantasiverd, til dømes Alice i Eventyrland. Sett inn i ei vaksen verd, som her, blir kaninen som ein slags trojansk hest med mange tolkingar. The White Rabbit er avvæpnande humoristisk og utfordrande på same tid. Skulpturen er laga av lakkert glasfiber.
Stad: Nesttunvannet

 

1 000 483: Torunn Skjelland

bybanekunst

Den måla frisa ved Mårdalen har tre hovudmotiv; eit kart over Bergen med Bybanen sin trasé (målestokk 1:1000483), ein raud tråd som forlenger traseen, samt nostalgiske reiselivsplakatar frå 1940-50 talet. Visuelle ikon og stereotype framstillingar av Bergen og Norge blir sett saman på ein måte som opnar for mange lag av tolkingar. Verket er måla med silikatmåling rett på betongen. 
Stad: Mårdalen

Så fleire foto av 1 000 483

Kjankaren: Gisle Frøysland

bybanekunst

Å «kjanke» er eit gammalt bergensuttrykk; barn som heng seg etter bussen midtvinters og lar seg dra på glatte sko. Frøysland har laga ein elektronisk kjankar. På begge sider av tunnelveggen er store panel med LED-lys. Når Bybanen passerer vil elektroniske sensorar starte ein flokk med lysande «kjankarar» som følgjer vogna innover i tunnelen.
Stad: Skjoldtunnelen

Sjå fleire foto og video av Kjankaren

Olje-Norge: Annette og Caroline Kierulf

A0009822.jpg

I desember 2015 blei gang-og sykkelvegen langs bybanesporet på Sandsli opna for publikum. Der er og to flunkande nye kunstprosjekt; skulpturprosjektet Olje-Norge av Annette Kierulf og Caroline Kierulf, og måleriprosjektet Sirkelspill av Per Formo ved Sandslimarka stasjon.

Langs ei fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka har Anette og Caroline Kierulf laga seks små skulpturar i brennlakkert aluminium, monterte på skiltstenger. Skulpturane, som har fått namna Dråpen, Flammen, Molekylet, Floken, Apeskrekken og Tangen, har på ulike vis koplingar til det svarte gullet som har brakt oss velstand og framgang, men som og har dilemma og utfordringar knytt til seg. I naboskapen til skulpturane på Sandsli har store oljerelaterte selskap hatt tilhald i ei årrekke. Dei seks skulpturane er ei kjelde til undring og refleksjon for gåande, syklande og reisande langs og med Bybanen.
Stad: Fjellskjering mellom Sandslivegen og Sandslimarka

Sjå fleire foto av Olje-Norge


Sirkelspill: Per Formo

A0009701.jpg

Sirkelspill er ei målerirekke som strekk seg over heile 200 meter frå starten av Dyrhovdtunnelen ved Sandslimarka og vidare mot Kokstad. Kunstverket består av ulike figurar danna av kvartsirkelbuer i åtte fargar. Inne i tunnelen er abstrakte figurar som kan minne om emblem eller skilt, måla på lys blå botn på store fibersementplater skrudde fast til veggen. Dei er presenterte regelmessig, omtrent som i ei utstilling. På veggane ute er det som om figurane er sette fri; dei er måla rett på betongveggen og er leikne, lette og assosiasjonsskapande. Dette er kunst ein kan sjå igjen og igjen, og jamvel oppdaga noko nytt. 
Stad: Sandslimarka

Sjå fleier foto av Sirkelspill

 

Modulære refleksjoner: Anders Sletvold Moe

prøve_DSC1741.NEF.p.jpg

Modulære refleksjoner er eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Det er bygd opp av 84 modular. Flatene i modulane har varierande fargar, struktur og glans, og har formmessige koplingar til fasadeplater på Avinor sitt terminalbygg. Samla utgjer dei ein komposisjon på 2,4 x 35 m på den 56 m lange betongveggen. Komposisjonen strekker seg ut i lengderetning for å gje ei oppleving av høg fart. Formene kan minne om eit bylandskap sett frå eit hurtigtog, der former og vinklar blir abstraherte i forbifarten. Verkets relieff og dei reflekterande flatane gjer at kunstverket aldri står fram på eitt og same vis. Det er i stadig endring anten det er den reisande sjølv som flyttar på seg eller refleksjonar blir aktiverte gjennom andre hendingar i omgjevnadane.
Stad: Bybanestoppet på Bergen Lufthavn Flesland

Sjå fleire foto av Modulære refleksjoner

 

Ei kunstreise ombord på Bybanen

No kan du få med deg alle kunstverka langs bybanetraseen utan å køyre heile strekninga. Gjennom ni filmsnuttar får du sjå verka på nært hald på skjermar ombord på Bybanen. Filmane med korte tekstar skal gi informasjon og skape undring.