Prosjekttilskot: Kultur – amatør

Søk tilskot til tiltak og prosjekt innan ulike kunst- og kulturfelt og sjangrar

Kven kan søkje

Aktørar innan det frivillige kulturfeltet i Hordaland, og tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål. 
Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

 

Kva kan støttast

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Desse tilskotsmidlane gir høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t.d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.
HFK har tre beslekta søknadsordningar for prosjektstøtte innan kulturfeltet, som er meint å utfylle kvarandre:
  • Prosjekttilskot: Kultur – amatør
  • Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell
  • Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt
Sjå gjerne på nettsidene til dei andre to ordningane også om du er i tvil om kva som er rett søknadsordning for dykkar prosjekt.
Det er totalt sett av 918 000 kroner til ordninga Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell  i 2018. Minst 510 000 kroner av desse skal gå til tiltak som gjeld barn og / eller ungdom.  Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 40 000 kroner. Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. 
Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:
  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t.d. vidaregåande skular.
  • Utgjeving / publisering av skjønnlitteratur, film og musikk. Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol.

Sjå full oversikt over inretting og kriteria

 

Føremål med ordninga

Ordninga skal stimulere til aktivitet og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv Det det skal stimulerast til nettverk og samarbeid. 
Premiss: kultur, regional kulturplan for Hordaland 2015 – 2025 legg føringar for fylkeskommunen sine prioriteringar. Denne stønadsordninga skal m.a. ta omsyn til følgjande vedtekne kulturpolitiske mål og søkje å oppfylle desse: 
  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom. 
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle. 
  • Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande. 
Barn og ungdom har spesiell merksemd, og ein ønskjer å stimulere spesielt til at unge sjølv er aktive deltakarar i prosjektet.

Vurdering av søknad

Det er vanlegvis fleire kvalifiserte søkjarar i denne ordninga enn der er tilgjengelege midlar. Ut frå føremålet med ordninga og føringane i regional kulturplan er det sett opp følgjande kriteria som søknadane skal målast opp mot. Ein søknad må ikkje oppfylle alle desse kriteria, men jo sterkare og jo fleire ein oppfyller av kriteria, dess meir relevant vil søknaden vere for ordninga. Dei to første punkta må vere oppfylt for at tiltaka skal vere i samsvar med føremålet for ordninga.
Føljande kriteria skal ligge til grunn for vurderinga av søknadane: 
  • I kva grad tiltaket oppfyller føremålet i søknadsordninga 
  • I kva grad tiltaket oppfyller satsingar i Regional kulturplan 
  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket 
  • I kva grad tiltaket har verdi for større delar av fylket 
  • I kva grad tiltaket er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt 
  • I kva grad tiltaket er utadretta og ope
  • Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers 
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad. 
  • I kva grad søkjar har vist gjennomføringsevne 
  • I kva grad tiltaket har støtte og forankring i heimkommunen og evt nasjonalt(td. Norsk kulturråd)
Ved søknader om støtte til festivalar skal det i tillegg leggast følgjande kriteria til grunn for vurderinga:
  • festivalen sin eigenart, kunstnarlege profil og fokus på utvikling av det kunstnarlege uttrykket 
  • formidlingsevne og publikumsoppslutning 
I tillegg ser ein på den samla fordelinga av omsyn til geografi og sjanger. 
Vi ønskjer i denne ordninga også gje barn og ungdom sjølv høve til å prøve ut nye aktivitetar og tiltak, og vil difor prioritere tiltak der unge sjølv er aktivt involvert i utvikling og gjennomføring. 

Regional verdi

Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller etter funksjon:

  • Geografisk kriterium  - geografisk nedslagsfelt og verkeområde, om tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn to kommunar.
  • Funksjonskriterium  - regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld persponopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Ta kontakt med sakshandsamar angåande dette spørsmålet.
Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Utvalet har møte ei gong i månaden, og ein tek sikte på at søknadane vert handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Om HFK ikkje finn rom til å løyve minst 1/3 av søknadssummen, vil søknaden få avslag. 
Ang oppsett av budsjett i søknadsskjema:
  • Søkjar skal i søknaden fylle ut budsjettskjemaet og sette inn aktuelle inntekter og utgiftar.
  • Gruppér inntektene og utgiftene i 4 – 9 høvelege kategoriar (t.d. husleige, honorar, billettinntekter, eigeninnsats, offentlege tilskot). Det er mogleg å levere eit meir detaljert budsjett som vedlegg.
  • Budsjettet må vere i balanse. Dette vil si at totalsum til inntekter og totalsum til utgiftar skal vere lik.
  • Dersom ein har søkt andre tilskot, må det kommenterast om desse er innvilga. Dersom ein får svar etter at søknaden er sendt inn, kan ein ettersende dette.

Tips til budsjettet:

  • Dei beløpa som vert ført opp treng ikkje vere heilt nøyaktige, men det må gjerast ei vurdering av kva dei einskilde kategoriane kan ha av kostnad.
  • Det er viktig å vere realistisk når ein sett opp budsjettet. Kommenter gjerne om det er utgifter eller inntekter som er særleg usikre.
  • Sjå til at det er samsvar mellom skildringa av prosjektet («Om prosjektet») og budsjettet. 
  • Det er viktig å få fram verdien av evt. eigeninnsats / frivillig arbeid i budsjettet.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. 

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført.

Rapporten skal sendast til hfk@hfk.no merka med saksnummer som er oppgitt i tilsegnsbrev.

Rapporten skal gje ein kortfatta skildring av:

Når og kor tiltaket vart gjennomført og korleis dette vart gjort.

Eventuelle avvik frå vilkåra med nærare grunngjeving.

Eventuelle avvik frå søknadsgrunnlag (planar/budsjett) med

Det må også leggast ved oversiktsrekneskap – dvs ikkje vedlegg/bilag.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Relevante dokument

Tidlegare tildelingar

Profilbilde av Marianne Ose Askvik
Marianne Ose Askvik
48995258