Tilskot til kulturbygg med regionale funksjonar

Ordninga skal bidra til etablering av lokale, arenaer, uteanlegg og liknande tiltak med regionale funksjonar for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur. Kommunar, selskap, stiftingar, organisasjonar og andre samanslutningar kan søkje.

Vilkår for tildeling

For at tilskot skal kunne tildelast er må følgjande vilkår vere oppfylgd:

1 Kulturbyggtiltaket skal ha regionale funksjonar, og ein verdi, storleik og/eller nedslagsfelt som kan dekke behov ut over kommunegrenser, eventuelt også ut over fylkesgrenser, der busetnad, kommunikasjon og/eller kulturelt føremål gjer dette naturleg. Hordaland fylkeskommune klassifiserer kva som er kulturbygg med regionale funksjonar.

2 Lokala skal vere planlagd ut frå ei kulturfagleg behovsvurdering og vere i samsvar med kommunale og regionale planar.

3 Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering/oppgradering, ikkje til vedlikehald eller drift.

4 Krav til søkar:
4.
1 Søkarar kan vere kommunar, selskap/stiftingar/organisasjonar eller andre samanslutningar. Dersom søkar ikkje er ein kommune, må samanslutninga sine vedtekter oversendast Hordaland fylkeskommune for godkjenning.

4.2 Føremålet med verksemda må vere av ikkje kommersiell art. Eventuelt overskott frå drifta skal behaldast i verksemda og kome denne til gode (ikkje utdeling av utbytte).

5 Krav til gjennomføring og utforming:
5.1 Tiltaket vert gjennomført i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lovreglar i plan- og bygningslova, jf. mellom anna § 29. Fylkeskommunen vil sjå til at bygga vert utforma i tråd med føremåla i plan- og bygningslova.

5.2 Planane er kvalitetssikra slik at tiltaket vert funksjonelt og teknisk godkjent av gjeldande kommune. Hordaland fylkeskommune vil i kvalitetssikringa av planane hente inn uttale frå relevant fagleg hald (der det er naudsynt).

5.3 Tiltaket er universelt utforma i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter til denne. Dette gjeld både tilskot til nybygg og til ombygging.

5.4 Tiltaket har ei eksemplarisk god arkitektonisk utforming, det vil mellom anna seie integrering av visuelle kvalitetar og funksjonalitet, i samsvar med bygningen eller arenaen sin funksjon og etter reglar gitt i plan- og bygningslova. Kulturbygget skal oppførast med respekt for bygde og naturgjevne omgjevnader.

6 Krav til drift og bruk:
6.1 Kulturbygget skal nyttast til kulturføremål i minst 20 år etter at midlane er utbetalte. Bruksendring til anna enn kulturføremål kan ikkje skje utan skriftleg førehandsgodkjenning frå Hordaland fylkeskommune. Om bruken vert endra, kan Hordaland fylkeskommune krevje tilskotet attende heilt eller delvis.

6.2 Bygget skal vere ope for ålmenn kulturell aktivitet og driftast på årsbasis. Dersom anlegget blir midlertidig stengt for 3 månader eller meir, pliktar eigar å informere Hordaland fylkeskommune om dette.

6.3 Lokala skal vere opne for alle, ingen skal stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Om søknader som fyller grunnvilkåra (er kvalifisert) skal verte tildelt tilskott, beror på ei heilskapeleg vurdering med utgangspunkt i føremålet med ordninga, der det mellom anna vert lagt vekt på følgjande moment (i uprioritert rekkefølgje): 
  • I kva grad tiltaket har regional verdi funksjonar og/eller nedslagsfelt 
  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket 
  • Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers 
  • Kvalitet på søknad og prosjekt 
  • Fordeling av midlane i høve geografi og sjanger 
  • Tidspunkt for fyrste gong det er søkt om kulturhusmidlar 
  • Samsvar med kommunale planar.
Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
55239165