Tilskot til elitekorps

Tilskotsordninga skal stimulere til å vidareutvikle det kunstnarlege og musikalske nivået i elitekorpsa og støtte formidling av dette.


Kven kan søkje

Dei som kan søke denne ordninga er amatørkorps (brass og janitsjar) for vaksne, som har kvalifisert seg til vidare deltaking i elitedivisjon i inneverande søkjeår eller har rykka opp frå 1. divisjon og deltek i elitedivisjonen året etter / påfølgande år.

Kva kan støttast

Denne tilskotsposten på til saman 300 000 kroner vert delt i to; prosjekttilskot og reisetilskot. Det skal søkjast om støtte til ulike tiltak i regi av korpset, og det kan søkjast om tilskot til fleire prosjekt / tiltak i same søknadsskjema.

Prosjektstøtte

Det vil verte lagt vekt på tiltak som medverkar til kulturell utvikling og meirverdi som t.d.:

  • Større konsertproduksjonar som har verdi for eit lokalt / regionalt publikum
  • Bestillingsverk / arrangøroppdrag – bruk av lokale / regionale komponistar / arrangørar vert prioritert
  • Fagleg utvikling, utover dagleg drift, for korpset sine medlemmer som hever korpset sitt nivå
  • Lydfesting / publisering av musikk

Reisestøtte

Det kan søkjast om reisestøtte til meisterskap utanfor Hordaland. Sjå meir om utrekning her under overskrifta «Vurdering av søknad og utrekning av tilskot».

Det er skilt ut nokre konkrete føremål/tiltak det ikkje vert gitt støtte til i denne ordninga. Dette heng saman med fylkeskommunen si kulturpolitiske rolle, andre tilskotsordningar og ansvarsfelt både hos fylkeskommunen og andre offentlege instansar. Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:

  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av korpset, slik som løn av fast dirigent, leige av øvingslokale el.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t.d. vidaregåande skular.

Føremål med ordninga

Eit viktig kulturpolitisk mål for Hordaland er at ein skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der fylket er eller kan vere leiande. Korpsfeltet er eit slikt område der Hordaland er leiande og har fleire aktørarar på svært høgt nivå. Denne tilskotsordninga skal stimulere til å vidareutvikle det kunstnarlege / musikalske nivået i elitekorpsa og støtte formidling av dette. Elitekorpsa er i prinsippet ein del av amatørkulturen, men har eit særs høgt musikalsk nivå. Desse korpsa er ei svært viktig drivkraft for inspirasjon og kunnskapsformidling til barn, unge og andre deler av korpsfeltet.

Vurdering av søknad og utrekning av tilskot

Det er sett av 300 000 kroner til dette føremålet i 2018.

Denne tilskotsposten vert delt i to; prosjekttilskot og reisetilskot. Av den samla tilskotssummen kan ikkje meir enn 50 % nyttast til reisetilskot.

Utrekning av reisestøtte 

Det kan verte gitt tilskot til reisestøtte ved deltaking i meisterskap utanfor Hordaland. Tildeling av reisestøtte vert gjort ut frå ei kvantitativ fordeling med lik sum per aktive medlem.

Følgjande utrekningsmodell vert nytta:
Etter søknadsfrist vert alle søkjarane inkludert i ein utrekningsmodell der alle medlemmane i korpsa vert talt, uavhengig om korpset dei speler i har søkt reisestøtte eller prosjekttilskot. Dette gir eit fast beløp for kvart einskilde korpsmedlem.

Dei elitekorpsa som søkjer reisestøtte vil verte tildelt denne sum per einskilde medlem frå utrekninga. Storleiken på reisestøtte til elitekorpset vil såleis vere avhengig av kor mange aktive medlemer elitekorpset viser til i søknaden.

Vurderingskriteria for prosjekt og tiltak:

  1. I kva grad tiltaket oppfyller føremålet i søknadsordninga
  2. I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket
  3. I kva grad tiltaket har verdi for større delar av fylket
  4. I kva grad tiltaket er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt
  5. I kva grad tiltaket er utadretta og ope
  6. Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers
  7. Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad

Ein søknad må ikkje oppfylle alle desse kriteria, men jo sterkare og jo fleire ein oppfyller av kriteria, dess meir relevant vil søknaden vere for ordninga.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Det er søknadsfrist 1 gong i året
Søkjar må nytte nettbasert søknadsskjema.

Hordaland fylkeskommune fullfinansierer ikkje prosjekt i denne ordninga. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering med minst 50 % av totalbudsjettet for prosjektet / tiltaket. Andre kjelder for finansiering kan vere andre offentlege tilskot, sponsorar, eigeninnsats / dugnad o.a.

Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssum vert søknaden avslått(gjeld prosjekt/tiltak).

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Søkjar skal leggje ved siste (frå førre år) godkjente årsmelding og rekneskap.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker.
Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller e-post til hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Relevante dokument