Nytt fylkesordførarkjede - invitasjon til prekvalifisering

Vi søkjer kunsthandverkarar/designarar til open prekvalifisering for utforming av nytt ordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.

Den nye fylkeskommunen som trer i kraft 1. januar 2020 skal ha eit nytt fylkesordførarkjede til fylkesordføraren i Vestland fylkeskommune. Det er ei målsetjing at kjedet er klart til konstitueringa av nye Vestland fylkesting i oktober 2019. Den nye fylkeskommunen òg ha nye møteklubbar til leiarane av dei fem politiske utvala. Desse må vere på plass 1. januar 2020.

Kven kan søkje

Profesjonelle kunsthandverkarar og designarar kan søkje. Dei må grunngje si interesse for oppdraget om å utforme nytt ordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse eller direkte oppdrag.

Om ordførarkjedet

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommuner har rikt utsmykka og symboltunge ordførarkjede i dag. For arbeidet med ordførarkjede til Vestland fylkeskommune er det viktig å få fram kva ordførarkjedet skal symbolisere for den nye fylkeskommunen, og at det skal vere eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte.

Om møteklubbene

Møteklubbane i dag er laga av tre og har fylkeskommunen sitt våpen på begge sider.

Søknadskrav

Søkjar må sende ei – 1 – pdf-fil med kort, grunngjeven interesse, dokumentasjon av tidlegare arbeid / relevante prosjekt, og CV. Pdf-en kan vere på maksimum 10 A4-sider, alt inkludert (9 MB). Nettlenkjer kan nyttast som tillegg til dokumentasjon. Obs! Vi ønskjer i denne omgang ikkje konkrete idear eller skisser til prosjekt.

Send søknad til hfk@hfk.no. Merk emnefeltet med saksnummer 2019/2767 – Fylkesordførarkjede til Vestland fylkeskommune. Søknadsfrist er 31. mai 2019.

Om prosessen og vurdering av kandidatar

Profesjonelle kunsthandverkarar og designarar vert oppfordra til å melde si interesse for prosjektet. Med profesjonell meinast at ein har utdanning innan faget på høgskule/universitetsnivå eller tilsvarande realkompetanse.

Alle søknadene vil verte gjennomgått, og vil utgjere ein base for komiteen sitt arbeid vidare. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse eller direkte oppdrag.