Kunstnarstipend

Kunstnarstipend til profesjonelle kunstnarar – innan ulike kunstfelt - busett i Hordaland

Retningsliner vedteke av Utval for kultur, idrett og regional utvikling 13.02 2018

Kven kan søkje

Du må vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland for å kunne søkje kunstnarstipenda. Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning / i ein grunnutdanningsfase. Ein må søkje som enkeltkunstnar og grupper/orkester/firma el kan ikkje søkje som gruppe.

Kva kan støttast

Det vert i 2018 lyst ut 12 utviklingsstipend á 30 000 kroner.

Det er det kreative arbeidet som vert vektlagt. Det kan ikkje søkjast om midlar direkte til instrument, materiale, utstyr ol.

Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • Musikk
  • Scenekunst (inkl. dans)
  • Litteratur og film
  • Anna/tverrkunstnarleg

NB – HFK har i tillegg til desse stipenda særskilde stipend innan folkemusikk.

Om ein har fått kunstnarstipend gjennom HFK skal det gå minst 3 år før ein igjen vil verte vurdert for evt. nytt stipend.

Føremål med ordninga

Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.

Gjennom Regional kulturplan PREMISS: kultur har Hordaland fylkeskommune utarbeidd ein tydeleg politikk for det profesjonelle kunstfeltet. Innsatsområde 27 Kunstløft - det profesjonelle kunstfeltet har følgjande mål: Vilkåra for kunstproduksjon, visning/framføring og formidling av kunst i heile fylket skal styrkast. Regionen skal ha eit berekraftig og levande kunstliv med komplette verdikjeder.

Kunstnarstipenda skal supplere andre meir prosjektbaserte søknadsordningar ved å gje høve til å søkje midlar om å utvikle eige kunstnarskap i ein fase / periode, t.d. gjennom reise, ny kompetanse, utprøving av metodar el. utan å måtte ha utarbeidd prosjekt eller plan for ferdig kunstverk el. 

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Det skal leggast vekt på kandidaten sin kunstnarlege aktivitet, kvalitet og talent / evne. Å gje høve til kreativt arbeid er føremålet med stipenda.

Søknadane vert lagt fram for komitear for følgjande kunstformar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • Musikk
  • Scenekunst(inkl. dans)
  • Litteratur og film

Stipendkomitéar vurderer og innstiller søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Kultur- og idrettsavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling tek den heilskaplege vurderinga og lager ei ferdig innstilling til framlegg for Utval for Kultur, idrett og regional utvikling. Innstillinga vert gjort ut i frå m.a. søkjartal i dei ulike kunstartane, geografi og tidlegare tildelte stipend. Det er også eit mål at nokre av stipenda vert tildelt kunstnarar i etableringsfasen

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga.
Det er ikkje krav om budsjett i søknaden.

Det kan visast til relevante nettlinkar og leggast ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Det kan lastast opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant.

Sjå fullstendige retningsliner/kriteria vedteke av Utval for kultur, idrett og regional utvikling 13.02 2018

Det vert utnemnt stipendkomitéar med medlemmar utnemnde frå følgjande organisasjonar /institusjonar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design): Bildende kunstneres forening Hordaland (2 medlemmer), Norske kunsthåndverkere Vest-Norge, VISP, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) v UiB.
  • Musikk: Brak, Vestnorsk Jazzsenter, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) v UiB, Bergen filharmoniske orkester, Hordaland fylkeskommune – Seksjon for kunst- og kulturformidling
  • Scenekunst (inkl. dans): Proscen, BIT teatergarasjen, Vestlandske teatersenter, Høgskolen i Bergen - Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon
  • Litteratur og film, Norsk forfattersentrum Vestlandet, Skrivekunstakademiet og Vestnorsk filmsenter

Stipendkomitéane skal vurdere og innstille søkjarar frå sin kunstart. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det skal tildelast minst eitt stipend til kvar kunstform om søkjarmenga er tilstrekkeleg. Vidare vil fordelinga av stipend gjerast på grunnlag av søkjartal for dei ulike kunstartane, geografi og tidlegare tildelte stipend.

Basert på arbeidet i komiteane skal Kultur- og idrettsavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling / fylkesrådmannen ta den siste heilskaplege vurderinga og legge fram innstilling til Utval for Kultur, idrett og regional utvikling som gjer endeleg vedtak i saka. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kandidatane.

Søknadane er unnateke offentlegheit, jf. offentleglova paragraf 26.2.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Dei som får tildeling må sende inn ein enkel rapport på bruken av stipendet innan 3 månader etter at stipendperioden er ferdig. 

Klage

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.

Tildelingar

Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
48994929