Invitasjon til prekvalifisering Nye Åsane videregående skole og kulturhus

Vi søkjer kunstnarar til ope prekvalifisering for ny vidaregåande skule og kulturhus i Åsane, Bergen

Kven kan søkje

Hordaland fylkeskommune inviterer profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å melde grunngjeve interesse for oppdrag knytt til Nye Åsane videregående skole og kulturhus i Bergen. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse(r) eller direkte oppdrag

Om byggeprosjektet og kunstplanen

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Hordaland fylkeskommune er tiltakshavar og Bergen kommune skal eige 16 prosent av bygget. Skulen skal vere eit flaggskip for yrkesfaga i Hordaland og det nye bygget vil verte ei storstove for bydelen Åsane der kunnskap, handverk og kultur står i sentrum. Det vil bli eit hus for vekst, utfolding og menneske i utvikling; der kunnskap, handverk og kultur er viktige byggesteinar.

Bygget Hjørnesteinen blir unikt med tanke på sambruk mellom skule og kulturliv i Åsane. Skulen har utdanningstilbod innan dei praktiske yrkesfaga, og fokus på kunnskap og handverk. Kunstutvalet ønskjer at dette skal speglast i kunsten. Utvalet ser for seg kunst med gode materialkvalitetar – og ønskjer kunstfagleg tyngde og godt handverk. Kunsten bør ha eit språk og ei utforming som stimulerer og appellerer til yngre så vel som til eldre, på tvers av bakgrunn og kultur.

Arkitektar: HLM arkitektur AS, B+B arkitekter AS
Landskapsarkitektar: Smedsvig Landskapsarkitekter

Det vil verte fleire delprosjekt, og samla budsjettramme for kunstprosjekta er 5,15 millionar.

Byggestart er sommaren 2018, og bygget skal stå ferdig sommaren 2020.

Vi ønskjer oss kunstverk som engasjerer, skapar undring og gir rom for refleksjon. Kunstutvalets hovudvisjon for kunsten er:

  • Det heile mennesket
  • Kunst som identitetsskapar
  • Kunst som kommunikasjon

Aktuelle område for kunstprosjekt vil vere:

  • Adkomsttorg og utandørs ledevegg ved hovudinngang knytt opp mot kulturhus, bibliotek og kafé/kantine
  • Innandørs gate med overlys som knyter verkstadsareal og kulturdelen i bygget saman
  • Digital kunst ved innandørs amfi
  • Ulike sosiale sonar / mindre møteplassar / korridorar

Du finn nærare grunngjeving og omtale i vedteken kunstplan for Nye Åsane Videregående skole og Kulturhus.

Søknadskrav

Søkjar må fylle ut nettbasert søknadsskjema og laste opp ei – 1 – pdf-fil med kort, grunngjeven interesse, dokumentasjon av tidlegare arbeid / relevante prosjekt, og CV. Pdf-en kan vere på maksimum 10 A4 sider, alt inkludert(9 MB). Nettlenkjer kan nyttast som tillegg til dokumentasjon. Obs! Vi ønskjer i denne omgang ikkje konkrete idear eller skisser til prosjekt.

Om prosessen og vurdering av kandidatar

Profesjonelle kunstnarar / kunsthandverkarar oppfordrast til å melde si interesse for prosjektet. Med profesjonell meinast at ein har utdanning innan faget på høgskule/universitetsnivå eller tilsvarande realkompetanse.

Alle søknadane vil verte gjennomgått, og vil utgjøre ein base for kunstutvalet sitt arbeid vidare. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse(r) eller direkte oppdrag.

Kunstutvalet har sett opp fleire potensielle stader for kunst , og det vil etter kvart verte lyst ut konkurransar og direkte oppdrag, i tillegg til innkjøp av ferdige verk.

Igangsettingstidspunkt vil variera, og aktuelle kunstnarar vil bli kontakta direkte etter kvart som delprosjekta vert vedteke – fram mot 2020. Delprosjekta har enkeltbudsjett på mellom 200 000 og 1 000 000. Det kan også vere aktuelt å sjå nokon av delprosjekta/enkeltstadene for kunst som ein heilskap.

Kunstutvalet har rett til og å engasjere kunstnarar som ikkje melder seg i prekvalifiseringa.

Kunstnarane / søknadane vert vurdert ut frå følgjande hovudskriteria:

  • Kunstnarleg kvalitet
  • Gjennomføringsevne
  • Berekraft i materiale og innhald

Det kan også verte oppgjeve meir spesifiserte kriteria om det vert utlyst enkeltoppdrag, lukka konkurransar el.

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
48994929
Leiar i kunstutvalet
Grethe Unstad