Folkemusikkstipend

Stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans.

Kven kan søkje

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Kva kan støttast

Folkemusikkstipend  - eitt stipend á kr 50.000

Folkemusikk Ung  - to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.

Føremål med ordninga

Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv.

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Søkjar må fylle ut nettbasert søknadsskjema. Det kan leggast ved inntil 5 vedlegg eller lenker. 

Rådet for Hardingfela.no er rådgjevande fagkomité for stipenda. Dei innstiller søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av aktivitet og kvalitet. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kandidatane.

Komiteen si innstilling vert lagt fram for Utval for Kultur, idrett og regional utvikling (KIRU), som gjer endeleg vedtak i saka.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Dei som mottek stipend må sende inn rapport om bruken av stipendet innan 3 månader etter at stipendperioden er over. 

Klage

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.

Tildelingar

Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
48994929