Driftsstønad til kunst, kultur, og idrett

Driftsstønad til institusjonar og organisasjonar innan kunst-, kultur- og idrettsfeltet over Hordaland fylkeskommune sitt budsjett, med særskild verdi for heile fylket.

Kven kan søkje

Aktørar innan kunst- , kultur-, frilufts- og idrettsfeltet med hovudaktivitet i Hordaland. Verksemda skal vere ideell(ikkje-kommersiell) og ha sterk regional verdi / verdi for heile fylket. Det er i dag om lag 100 organisasjonar og institusjonar som får driftsstøtte over kulturbudsjettet.

Hordaland fylkeskommune dei siste åra har hatt nedskjeringar, og det har vore få opningar for nye søkjarar til å få driftsstønad. Eventuelle nye søkjarar bør i første omgang ta kontakt med Kultur- og idrettsavdelinga for å legge fram saka.

Kva kan støttast

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Det er knytt til verksemda sine vedtekne føremål og planar og grunngjeve ut frå dei fylkespolitiske målsettingane på feltet.

Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål. I dette ligg implisitt at verksemda har ei tyding for kulturlivet i regionen, som inneber at fylkeskommunen - ut frå vedtekne kulturpolitiske målsettingar - bør medverke økonomisk til drifta.

Fylkeskommunalt driftstilskot til frivillige organisasjonar/amatørkultur vil først og fremst rette seg mot fylkesfemnande organisasjonar/fylkesledd.

Føremål

Tilskot til drift utgjer fylkeskommunen sitt viktigaste, og samla sett, tyngste, bidrag til finansieringa av kulturlivet i fylket. Kvar tildeling skal grunngjevast med klår forankring i dei fylkespolitiske målsettingane på kulturområdet.

Grunngjevinga skal vere tydeleg formulert og tilgjengeleg, både internt og for allmenta.

Dei kulturpolitiske satsingane slik dei er formulert i Premiss: Kultur Regional kulturplan for Hordaland 2015 – 2025 legg føringane for fordelinga av fylkeskommunale kulturmidlar. Driftstilskot skal vere med på å oppfylle dei målsettingane som er formulert i planen, både overordna og for det aktuelle feltet.

Visjonen for Regional kulturplan 2015-2025 er:

Hordaland skal vere ein leiande kulturregion

  1. Hordaland skal ha ein offensiv kulturpolitikk.
  2. Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  3. Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  4. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv.
  5. Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk.
  6. Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.
  7. Bærekraftig utvikling og forvalting av landskap, miljø og anlegg skal gje grunnlag for eit rikt kulturliv over heile fylket.
  8. Kultur skal vere integrert i utviklinga av alle samfunnsområde, med kvalitet i både tradisjonar og nyskaping.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Vurdering av regional verdi (formulert gjennom regional kulturplan):

I tråd med kulturlova skal kommunane gjennom organisatorisk og økonomisk tilrettelegging sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Kommunane har førstelineansvar i kultur- og idrettspolitikken, noko som inneber å sikre eit mangfald av tilbod der folk bur og arbeider. Fylkeskommunane skal ikkje overta kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til spesialiserte kulturtilbod innan ein viss reiseavstand. Omsynet til fylkeskommunen si regionale utviklarrolle skal liggje til grunn for tilskotsforvaltinga. Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:

1. Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde):

Om den aktuelle verksemda eller tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn ein kommune.

2. Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg):

Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Omsynet til fagleg kvalitet og graden av nyskaping m.m. kan også ligge til grunn for at ein institusjon eller eit tiltak har ei regional rolle. Også der det gjeld særleg smale felt, kan ein institusjon eller eit tiltak ha ein regional funksjon i kraft av eksklusivitet og særlege kvalitetar og føremoner. Det også vere naturleg å sjå geografi- og funksjonskriteria i samanheng.

I vurderinga av søknader vert det vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):

  • I kva grad tiltaket oppfyller satsingar i Regional kulturplan.
  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket.
  • I kva grad tiltaket har verdi for kulturlivet i større delar av fylket.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søkjar må innan søknadsfrist 3. april sende inn det nettbaserte søknadsskjemaet med relevante opplasta vedlegg. Om det skulle vere naudsynt å sende inn vedlegg i etterkant skal desse merkast med «Vedlegg til driftsstøtte - søkjarnamn – arkivnr. 2018/7917».

I tillegg til søknad må det vere levert godkjend rapport og rekneskap for året før for at søknaden skal verte handsama.

Eit driftstilskot til ein einskildorganisasjon/-institusjon over fylkeskommunen sitt kulturbudsjett er ein eigen post i det årleg vedtekne totalbudsjettet. Ein søknad om driftsstøtte inngår såleis som ein del av budsjettprosessen.

Fylkesrådmannen legg fram sitt budsjettforslag i slutten av oktober, som vert offentleggjort/gjort tilgjengeleg på våre nettsider.

Frå oktober til desember går budsjettarbeidet føre seg i dei politiske organa. Endeleg budsjettvedtak vert gjort av Fylkestinget i desember. Vedteke budsjett vert også lagt tilgjengeleg på nettsidene våre.

De vil få tilsendt svar på dykkar søknad innan første del av januar.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Det skal sendast inn årleg rapport med rekneskap og årsmelding seinast innan 3. mai kvart år. Dersom årsrekneskap og årsmelding for 2017 ligg føre innan søknadsfristen 3. april 2018, ber vi dykk legge desse med som vedlegg til søknaden (merka arkivnr. 18/7917).

Mottakarar av driftsstøtte vil verte innkalla til budsjett- og rapporteringsmøter. Dei som får størst løyvingar vil verte innkalla kvart år, mens mottakarar av mindre tilskot vil få innkalling annan kvart / tredjekvart år. Eventuelle andre møter kan avtalast.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll. Dersom drifta vert vesentleg endra, eller at det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Det er ikkje klageadgang på budsjettvedtak.

Profilbilde av Irene Fredheim Kronen
Irene Fredheim Kronen
48895417