Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. Kommunane i Hordaland kan no søkje tilskot til denne ordninga.

Føremål med ordninga

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing. Målet er å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre.

Kommunane skal leggja til rette for at gode kunst- og kulturprosjekt lokalt vert utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det skal også leggjest til rette for eit godt samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tildelar midlar til ordninga som ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane. Det vart sett av 3 millionar kroner på budsjettet til den kulturelle spaserstokken til fordeling for kommunane i Hordaland fylke i 2018 (til bruk i 2019). Kommunesektoren skal øyremerka desse tilskotsmidlane.

Kven kan søkje

Kommunane i Hordaland kan søkje tilskot til denne ordninga (ikkje privatpersonar eller andre organisasjonar/verksemder mm.).

Tilskot skal ikkje erstatte kommunale tilskot til eksisterande eller planlagde satsingar eller tiltak som allereie er sikra finansiering. Det blir ikkje gitt tilskot til investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Fordelingsnøkkel

80% av midlane blir basert på ei kvantitativ vurdering og at 20% blir basert på ei kvalitativ vurdering.

Kvantitativ vurdering:

  1. Tal på innbyggjarar over 70 år i kommunen (fordelingsnøkkel på 60%)
  2. Del av innbyggjarar over 70 år i forhold til lokalbefolkning (fordelingsnøkkel på 10%)
  3. Areal (fordelingsnøkkel på 10%)

Kvalitativ vurdering:

  • Programinnhald
  • Nyskaping
  • Utvikling av program
  • Samarbeid

 

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU). Tildelinga skjer ved einskildvedtak i KIRU og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget frå fylkesrådmannen. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottek melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Tidlegare tildelingar

Profilbilde av Elin Molven Wilhelmsen
Elin Molven Wilhelmsen
40488662