Kven kan søkje
Eit studieforbund må vere godkjend av Undervisnings og Forskingsdepartementet (UFD) og ha dokumentert vaksenopplæringsaktivitet i Hordaland.
Det er berre studieforbunda som kan søke om tilskot, ikkje den enkelte medlemsorganisasjon.
Kva kan støttast
Godkjende studieforbund som har dokumentert vaksenopplæringstiltak i Hordaland får tilskot etter sitt SSB-registrerte studietimetal.
Tilskotet blir utrekna etter timetalet for to år tilbake - ut i frå statistikken til SSB.
Type aktivitetar som kan få stønad må samsvare med «Forskrifter gitt i medhold av Lov av 28. mai 1976 nr 35 om voksenopplæring».
Føremål med ordninga
Stønad til organisert opplæring i samsvar med ein studieplan som på førehand er godkjend av studieforbundet.
Krav til søknad
Søkjar må vere fylkeslag i eit studieforbund på landsplan.
Obligatoriske vedlegg til søknaden er driftsrapport- med oversiktsrekneskap frå førre år og budsjett for inneverande år (eventuelt årsmelding og årsrekneskap frå førre år om dette er utarbeida). For små organisasjonar er årsrapport- og årsrekneskap utan styret si godkjenning tilstrekkeleg.