Kunst- og kulturutvikling
Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025
Fylkeskommunane har først og fremst eit regionalt kultupolitisk ansvar. Gjennom den regionale ståstaden, basert på både nærleik og avstand, har fylkeskommunane utvikla ein sjølvstendig kulturpolitikk. Han tek utganspunkt i regionale særtrekk og føremoner og er basert på regional kompetanse og kulturell infrastruktur.
Sjå planenHordaland fylkeskommune støttar opp under eit sterkt og ambisiøst kunst- og kulturliv, både innan amatørkultur og profesjonell kunst. Vi følgjer opp kunst og kultur med regional verdi, ser utviklingsliner og -potensiale, og skal sjå vidare enn den enkelte kommune og verksemd. Vi gjev økonomiske tilskot både gjennom faste driftstilskot til organisasjonar og institusjonar, og prosjektbasert støtte. På denne sida finn du oversikt over dei ulike søknadsordningane.
Hordaland fylkeskommune satsar på kunstprosjekt i fylkeskommunale bygg og opne offentlege rom, og er med på å gje mange høve til å oppleve kunstverk der dei ferdast i kvardagen. Fylkeskommunen har vedtak på å setje av 1,2 prosent av totale byggekostnadar ved nye bygg og større ombyggingar til kunstnarlege føremål. På denne måten har dei fleste nyare vidaregåande skular store kunstverk og kunstprosjekt. Som utbyggar av bybanestrukturen har fylkeskommunen ansvar for bybanekunstprosjektet.
Det er vedteke prosedyrar for korleis kunsten i desse prosjekta skal veljast ut og arbeidet kring dette organiserast. Vi byggjer arbeidet vårt på prinsippa og metodane som KORO, statens sitt organ for kunst i offentleg rom har utarbeidd. Det er viktig at både kunstfagleg kompetanse og brukarmedverknad er til stades i utveljinga av kunstverka. Du kan følgje nokre av prosjekta på nettsidene våre. Om det blir lyst ut opne konkurransar eller prekvalifiseringar for kunstnarar, finn du også opplysingar om dette.
Tilskot og prosjekt
- Administrasjonstilskot og grunntilskot til vaksenopplæring
- Den kulturelle spaserstokken
-
Driftsstønad til kunst, kultur og idrett
Søknadsfrist: 3. april
- Driftstønad til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar
- Folkemusikkstipend
- Kulturelt utviklingsprogram (KUP)
- Kunst langs Bybanen i Bergen
- Kunstnarstipend
- Prosjekttilskot: Kultur - amatør
- Prosjekttilskot: Kunst og kultur – profesjonell
- Prosjekttilskot: Større kulturtiltak
- Tilskot til kulturbygg med regionale funksjonar
-
Tilskot til lokale kulturbygg
Ta kontakt med eigen kommune for informasjon om søknadsfrist.
- Invitasjon til prekvalifisering Nye Åsane videregående skole og Kulturhus
- Tilskot til elitekorps
-
Nytt fylkesordførarkjede - invitasjon til prekvalifisering
Søknadsfrist 31. mai
Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling
Sjå heile oversikta