Kunst- og kulturproduksjonar til skulen

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar? Hordaland fylkeskommune har ansvar for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland.

Programmet vert finansiert og tilrettelagt i samarbeid med Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge. Det varierer frå år til år, og ein må kvart år sende inn forslag til programmet.

Kven kan sende inn forslag?

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet.

Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2020-2021 

Den kulturelle skolesekken (DKS) skal sikre eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skulen på ein måte som understøtter det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av skulen sine læreplanmål. Det samla programmet skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer. DKS-programmet er for elevane og skal skje i skuletida.

Hordaland fylkeskommune planlegg DKS-programmet for skuleåret 2020-2021 saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune som Vestland fylkeskommune. Frist for å sende inn forslag til programmet er 1. oktober. Programforslaga må sendast inn via ein ny, nasjonal portal som de finn via denne lenkja.

Måla for DKS i Vestland er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag,
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

For å sikre ei god kvalitetsvurdering av produksjonane, og transparente prosessar der alle utøvarar har likt høve til å fremme forslag til programmet, ligg prosedyrar som er funderte på forvaltningsetiske prinsipp til grunn for arbeidet med DKS. På bakgrunn av dette medverkar faggrupper, eit ungdomsprogramråd og eit overordna fagleg råd for DKS i arbeidet med å fastsette DKS-programmet.

Følgjande kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet:

a) Framleggstillar skal ha levert fullstendig framlegg innan fristen, med vedlegg eller link til lyd- og/eller filmopptak der dette er naturleg.
b) Kvar produksjon i programmet skal ha profesjonalitet i innhald og formidling.
c) Programmet skal gjennomførast i skuletida.
d) Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangermessig breidd, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk.
e) Programmet skal tilføre skulen møte med profesjonell kunst og kultur, og ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.
f) Det skal vere eit særskilt fokus på regionale og lokale utøvarar. Nyskapande kunst skal prioriterast.
g) Det samla programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.
h) Det samla programmet skal ivareta minoritetar og leggje vekt på inkludering.
i) Det samla programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.
j) I det samla programmet skal det vere god balanse mellom ulike formidlingsmåtar og –arenaer.
k) I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.
l) På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30% av volumet til høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule, dersom det er grunnlag for det.

Det vert etablert faggruppe for kvart av dei seks uttrykka i DKS (film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst), eit ungdomsprogramråd og eit overordna fagleg råd.

  • Faggruppene gjer den faglege vurdering av alle innkomne forslag, og tilrår produksjonar som kan inngå i programmet.
  • Ungdomsprogramrådet medverkar i programarbeidet, og vel ut seks produksjonar til programmet.
  • Fagleg råd vedtar det endelege DKS-programmet for Vestland fylkeskommune for 2020-2021 etter tilråding frå administrasjonen.

På grunn av overgangen til Vestland fylkeskommune, vil nokre allereie inngåtte avtalar bli gjennomført som del av det samla DKS-programmet for skuleåret 2020-2021.

Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2019-2020

Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomfører DKS-programmet for skuleåret 2019-2020 kvar for seg. Produksjonar og turnéplanar for Hordaland fylkeskommune sitt program finn de via denne lenkja.

 

 

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Charlotte Espeland
Charlotte Espeland
48995606