Kunst- og kulturproduksjon til skulen
Er du interessert i å sende inn forslag til programmet for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland?
Les meir om korleis du går framI grunnskulen vert tilboda fordelt til skulane, medan i vidaregåande opplæring er det skulen som sjølv vel program. På skulen er det kulturkontakten som har i oppgåve å informere resten av skulen om aktuelle hendingar.
DKS er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og vert finansiert av spelemidlar frå Norsk Tipping. Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Noreg har det nasjonale ansvaret.
Den kulturelle skolesekken skal sikre eit profesjonelt kunsttilbod i skulen på ein måte som understøtter det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av skulen sine læreplanmål.
Måla med programmet er:
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
- å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag,
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål,
- å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne,
- å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.
Korleis finn du tilbodet til din skule
Bruk http://hordaland.ksys.no/
Du finn skulen din øvst på venstre side. Der finn du også eit oversyn over komande turnear.
Ønskjer du å sjå programmet for heile kommunen din, vel du «kommune» i menyen.
Der kan du også sjå kven som er kommunekontakt. I tillegg til fylkeskommunen sitt tilbod som du finn her, vil skular også få tilbod frå eigen kommune, finansiert av spelemidlane kvar einskild kommune får tildelt.