Tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy

Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar tar på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Tilskotsordninga for forvaltning og drift er eit bidrag frå det offentlege for å støtte opp under dette arbeidet.

Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Hordaland er det fylket med flest freda og verneverdige fartøy i landet.

Kven kan søkje

Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av større, flytande kulturminne i Hordaland. Kommunar, foreiningar, stiftingar, andre samanslutningar og private kan søkje. Aksjeselskap som får driftsstønad må vere ideelle, det vil seie at eigarane ikkje kan ta utbytte frå selskapet.

Fartøyet må vere over 100 bruttoregistertonn eller ta minst 20 passasjerar.

Det kan berre søkast tilskot for fartøy som har fått, eller vil få tildelt status som verna fartøy eller som er freda av Riksantikvaren.

Fartøyet må ha heimeadresse i Hordaland. Etter nærare vurdering kan kravet fråvikast dersom fartøyet har størsteparten av seglingstida si i Hordaland.

Det kan ikkjetildelast tilskot til fartøy som staten eller fylkeskommunen er eigarar av.

Kva kan støttast

Forvaltning og drift av fartøy med heimeadresse i Hordaland, som er freda eller har fått tildelt status som verna fartøy av Riksantikvaren.

Det kan gjevast tilskot til:

  • Dekning av naudsynte driftskostnader til fartøyet som kulturminne. Dette kan t.d. vere utgifter i samband med periodisk ettersyn, service av maskineri og teknisk utstyr, brannsikring av kulturminnet.
  • Å sikre naudsynt forbruksmateriell og reservedelar til fartøyet. Dette kan t.d. vere propelldelar, motordelar og anna utstyr som er vanskeleg å få tak i, eller er gått ut av produksjon.
  • Utgifter til planlegging og kompetanseheving, så som utarbeiding av FDV-planar og kursavgift for frivillige
  • Sikring av kompetanseoverføring ved dokumentasjon, bevaring og formidling av immateriell kulturarv knyt til handlingsboren kunnskap om drifta av fartøyet.

Det vert ikkjegjeve tilskot til tilrettelegging av den kommersielle drifta av fartøyet, så som kantineutstyr, suvenirsal, billettsal, arrangement eller annonsering/reklame, m.m.

Det vert ikkje gitt faste, årvisse tilskot.

Føremål med ordninga

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å fremje kystkulturen som del av vår kulturarv og identitet samt som kjelde for kunnskap, oppleving og verdiskaping, gjennom støtte til drift og forvaltning av større verna eller freda fartøy i Hordaland.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Om søknader som fyller grunnvilkåra skal løyvast tilskot til, byggjer på ei heilskapleg vurdering med utgangspunkt i føremålet med ordninga. I vurderinga vert det mellom anna lagt vekt på følgjande moment (i uprioritert rekkefølgje):

  • Fartøyet sin typologiske og geografiske representativitet
  • Kvalitet på drift og forvaltning
  • I kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar
  • Verknad av løyvinga med omsyn til auka seglingstid eller regionalt verkeområde
  • I kva grad drifta kjem ålmenta til gode, styrkar rekrutteringa, aukar mangfaldet og tilgang for ulike brukargrupper
  • Søkjar sin kapasitet, praktiske og økonomiske gjennomføringsplan, anna finansiering og eigeninnsats

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden må innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon og minst gjere greie for følgjande:

  • Fartøyet sin kulturminneverdi og formelle vernestaus
  • Behov for driftstilskotet og målsetnad
  • Plan for gjennomføring og bruk av midlane
  • Punkvis søknad om stønad til konkrete utgifter til forvaltnings- eller driftsoppgåver
  • Finansieringsplan og detaljert budsjett (skal nyttast til seinare rapportering)
  • Effekt av tilskotet for ålmenta

Søknaden skal vere signert av ansvarleg søkjar. Dersom andre enn eigar er søkjar, skal søknaden også vere signert av eigar eller rett representant for eigar. Dersom søknaden er mangelfull, kan det verte høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.

For å få tilskot er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen gje ei samla fagleg vurdering av søknaden.

Oppfølging og rapportering

Søkjar skal rapportera status innan utgangen av tildelingsåret og endeleg rapport må innleverast innan 15. november i det påfølgande år. Rapporten skal innehalde:

  • Relevant dokumentasjon som klart viser korleis drift og forvaltning er gjennomført og om måla er nådd
  • Utgreiing av gjennomført drift og eventuelle avvik frå budsjett/planen for arbeidet
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og samla finansiering, spesifisert på:
    • Stat eller fylkeskommune
    • Kommune
    • Tilskot frå andre offentlege organ (t.d. Kulturrådet, Kulturminnefondet)
    • Anna finansiering (spesifisert)
    • Eigeninnsats/eigen finansiering

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom ein ønsker å gjere vesentlege avvik frå søknaden.

Om tilskotsmottakar er knytt til revisor og tilskotet er kr 300 000 eller høgare, skal tilskotsmottakar òg sende inn revidert årsrekneskap, signert av tilskotsmottakar, evt. ved styret. Det krevjast òg særattestasjon frå revisor på rekneskapen og evt. timelister knytt til arbeidet/tiltaket/prosjektet.

Fylkeskommunen kan uavhengig beløp på tilskotet krevje at det vert sendt inn kopiar av bilag til rekneskapet.

Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Misleghald

Om kostnadene vert rimelegare enn budsjettert i søknad, eller om drifta ikkje vart gjennomført etter føresetnadene, skal dei overskytande midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom mottakar gir uriktige opplysningar eller det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan vedtaket om tildeling verte gjort om heilt eller delvis. Midlane kan i så tilfelle krevjast ført attende heilt eller delvis.

Klage

Vedtaket kan påklagast i medhald av forvaltningslova § 28. Klagenemnda for Hordaland fylkeskommune er klageinstans. Klage vert sendt til Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Klagefrist er 3 veker frå søkjar mottok underretninga om vedtaket.

I Hordaland fylkeskommune si underretning til søkjarane om vedtak skal det mellom anna opplysast om klagetilgang, klagefrist og partsinnsyn mv., jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd.