Museum og samlingar

Oversikt over fylkeskommunens arbeid på museumsfeltet.

Dei konsoliderte musea

Hordaland har ti konsoliderte museum: Bergens Sjøfartsmuseum, Baroniet Rosendal, Bymuseet i Bergen, Hardanger og Voss museum, KODE-Kunstmuseene i Bergen, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Olav H.-Hauge-senteret, Sunnhordland museum.

Eit hovudmål i den regionale museumspolitikken er at desse musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar, og vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. Dei får offentlege driftsmidlar via fylke, stat og kommunar. Eit viktig regionalt virkemiddel for å løfte sektoren sine utfordringar er gjennom museumsplanmidlar.

Vi gir rettleiing til dei konsoliderte musea knytt til søknader, søknadsfristar, oppfølging av museumssatsingar og anna rådgjeving.

Regionale og tematiske ansvarsmuseum

Bymuseet i Bergen, Sunnhordland museum, Museum Vest, Hardanger og Voss museum, Museumssenteret i Hordaland har eit særleg regionalt ansvar. Det inneber at dei kan bidra med rådgjeving innan musealfaglege spørsmål til mellom anna private og kommunale samlingar.  Bygningsvernkonsulentane ved dei regionale ansvarsmusea er ei viktig satsing for Hordaland fylkeskommune i samarbeidet med frivillige og kommunar.

Hordaland fylkeskommune legg vekt på å vere ein koordinator og igangsetjar av gode modellar for samhandling innan kulturminnevern og museum mellom fylkeskommune, kommunar, museum og frivillige.

Tre av dei konsoliderte musea har eit tematisk ansvar. Dette er Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Baroniet Rosendal og KODE-Kunstmuseene i Bergen. Dette inneber at dei tar eit særleg ansvar for sitt tema i Hordaland.

Gjenstandssamlingar

Bevaringstenestene er ei avdeling under Museumssenteret i Hordaland, og er fellestenester innan bevaring og konservering av gjenstandar for dei konsoliderte musea i Hordaland.  Musea sine samlingar skal sikrast og bevarast best mogleg og gjerast tilgjengeleg for publikum.

Bevaringstenestene utfører konserveringstenester også for private og offentlege institusjonar på oppdrag.

I si museumssatsing legg Hordaland vekt på utviding og utvikling av Bevaringstenestene.

Det er viktig at Hordaland si historie vert representert i musea sine samlingar, men også at ein har eit kritisk blikk på kva som allereie fins og korleis tema kan fordelast mellom museum. I Samlingsplan for musea i Hordaland 2015-2020 er Samlingsrådet eit viktig organ for å diskutere slike spørsmål.

Vi formidlar spørsmål og problemstillingar knytt til gjenstandssamlingar vidare til Samlingsrådet.

Private og kommunale samlingar

Hordaland har mange private og kommunale samlingar. Dei regionale ansvarsmusea saman med Hordaland fylkeskommune bidrar med råd og rettleiing i høve museumsfaglege spørsmål og tilskotsordningar.

Museum utanom dei konsoliderte musea vil i planperioden kunne få ein fagleg og økonomisk standard slik at dei kan gå i forhandlingar med eit konsolidert museum om å bli teke inn her. I slike prosessar har fylkeskommunen viktige oppgåver.

Oppfølging av museumsfeltet i kulturplanen

Hovudsatsingane i Regional plan for museum 2011-2015 ”Musea i samfunnet” er ført vidare i Kulturplanen. Fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspart i gjennomføring av tiltaka i planen og har ei sentral oppgåve som koordinator.

Informasjon om satsingar og status for dei einskilde innsatsområde er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen.

Internasjonalt samarbeid

Hordaland fylkeskommune har samarbeidsavtaler med fleire regionar i Europa. Ei oppgåve for Hordaland fylkeskommune er å initiere gode samarbeidsprosjekt som kan løfte museumsfeltet. Vi arrangerer møte og konferansar som diskusjonsarena for  moglege internasjonale samarbeidsprosjekt og samarbeidspartnarar.