Metallsøking

Bruk av metalldetektor og søking etter metallgjenstandar er i stadig vekst, men kva gjer du om du finn noko interessant?

Når private metallsøkarar kjem over gjenstandar som etter kulturminnelova er innleveringspliktig, er det viktig med eit godt samarbeid mellom metallsøkarane og regional kulturminneforvaltning. Dersom ein finn saker som er av nasjonal karakter er det viktig at både funn og informasjon kjem fellesskapet og forsking til gode. For å nå dette målet har Riksantikvaren lagt fram tydelige retningslinjer for søk og prosess ved funn. Dette skal sikre ei felles forvaltning i tråd med norsk lov.

Hordaland fylkeskommune har fått inn viktige og markerte funn frå førhistorisk tid gjennom metallsøking. Me ser det som viktig at også lause kulturminne i størst mogleg grad vert tatt vare på som kjelde til kunnskap for komande generasjoner. Det er viktig at bruk av metalldetektor ikkje kjem i konflikt med dei føringane som ligg i lovverket og presiseringa frå Riksantikvaren.

Retningslinjer

Riksantikvaren har ferdigstilt arbeidet med felles nasjonale retningslinjer for privat metallsøking i samband med kulturminne. Det er viktig at ein set seg inn i dei føringane Riksantikvaren har satt opp for å sikre seg at ein ikkje gjer utilsikta skade.

Last ned dei nasjonale retningslinjene

Last ned nasjonalt funnskjema for metallsøking

Skulle ein koma over funn som er førhistoriske eller er i tvil, skal ein gjer følgjande:

  • Ta kontakt med Hordaland Fylkeskommune, som er rette mynde til å gje råd og hjelp. Husk at enkeltfunn kan vera del av eit større funn og vidare søk og graving kan skade og øydelegge både gjenstandar og funninformasjon.
  • Gjenstanden må sikrast mot vidare skade, her bør ein ha lufttett pose eller boks. Førhistoriske gjenstander er ofte skjøre etter langt tid i jorda. Ein må ikkje vaske eller rense funna då restar av metall, tekstil og beinmateriale kan gå tapt.
  • Merk boks eller pose med gnr/bnr, dato og namn. Når gjenstanden er sikra i felt bør den merkast tilstrekkeleg. Informasjonen føl gjenstanden heilt inn til dei museale samlingane og for å sikre at ingenting går tapt er det viktig med god merking.
  • Fyll ut funnskjema som viser nødvendig informasjon. Riksantikvaren har eit felles skjema for informasjon, dette må så snart råd er fyllast ut slik at viktig informasjon ikkje går tapt. Denne informasjonen vil følgje gjenstanden til museet sine arkiv og vera del av historia vår.
  • Ta gjerne bilete både av gjenstanden, men og funnstaden og omgjevnader rund, og send til Hordaland fylkeskommune. Gjenstandar frå førhistorisk tid kan ha ein arkeologisk kontekst. Hordaland fylkeskommune legg til grunn at funnstaden skal fagleg vurderast i samband med funn av førreformatoriske/innleveringspliktige funn.

Kontakt:

Profilbilde av Jostein Aksdal
Jostein Aksdal
90207124