Kulturminnesaker som skal sendast til fylkeskommunen

Oversikt over kva sakar som skal og bør sendast til fylkeskommunen.

Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?

Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere og gje fråsegn til tiltak og planar som rører ved automatisk freda kulturminne og kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi. Tiltak som rører ved kulturminne frå nyare tid, kulturmiljø og kulturlandskap av lokal verdi, skal handsamast av kommunen.  

Til hjelp for kommunen si sakshandsaming og andre som ynskjer fylkeskommunen si fråsegn, har vi laga ei oversikt over kva saker som skal, bør, kan og ikkje skal sendast til fylkeskommunen som regional kulturminneforvaltning:  

Saker som skal sendast til fylkeskommunen

I samsvar med kulturminnelova (kml), plan- og bygningslova (pbl), statlege forskrifter, rundskriv og regionale føringar, skal følgjande saker sendast til fylkeskommunen som regional kulturminnemynde:

  • Automatisk freda arkeologiske og marinarkeologiske kulturminne.
  • Arealplanar (kommuneplanar, kommunedelplanar, reguleringsplanar).
  • Tiltak og inngrep i sjø og vassdrag må avklarast i høve til kulturminne i og under vatn.
  • Byggesaker og andre tiltak i nærføring med automatisk freda kulturminne og deira sikringssoner (kml § 4).
  • Byggesaker som har regional og nasjonal kulturminneinteresse.
  • Søknader om tiltak i landbruket. Herunder nydyrking, driftsvegar, skogbruk og grøfting.
  • Etablering av kabel- og røyrleidningsgrøfter, VA-anlegg i uregulert område.
  • Deling av grunneigedommar i LNF-område med føremål nybygg.
  • Planar om hogst skal varslast fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune. Tunge hogstmaskiner kan skade eller øydeleggja kjende og ukjende kulturminne i marka. Hogstplan sendast fylkeskonservatoren så tidleg som mogleg og seinast ein månad før planlagt oppstart av arbeidet.
  • Saker som vedkjem registrering av automatisk freda kulturminne.
  • Saker som omhandlar skjøtsel og tilrettelegging av automatisk freda kulturminne.

Freda og listeførte bygg og anlegg, og område av nasjonal/regional verdi

  • Byggesaker og andre tiltak som rører ved automatisk freda ståande byggverk frå perioden 1537-1650 (kml § 4). Unntak frå dette er kyrkjer eldre enn 1650 som skal handsamast av Riksantikvaren.
  • Tiltak på vedtaksfreda kulturminne og kulturmiljø (kml §§ 15, 19, 20).
  • Tiltak på forskriftsfreda byggverk og anlegg (kml § 22 a) som ikkje lenger er i statens eige. Tiltak på forskriftsfreda kulturminne i staten si eige handsamast av Riksantikvaren.
  • Søknad og vedtak om riving eller vesentleg endring av ikkje freda byggverk eller anlegg oppført før 1850 (kml § 25 Meldeplikt for offentlige organ).
  • Tiltak på staten sine listeførte bygningar og kulturminne prioritert i sektorvise landsverneplanar som ikkje er i staten si eige, herunder jernbanebygningar, prestegardar og fyr, sjølv om dei er i staten si eige. Tiltak på andre kulturminne i staten si eige handsamast av Riksantikvaren.
  • Tiltak innafor område av nasjonal og/eller regional verdi som er regulert til spesialområde vern eller omsynssone iht til pbl (§ 25.6. i gamal lov og § 12-6 i ny lov), herunder tiltak på eksisterande byggverk og anlegg av nasjonal/ regional verdi, samt søknader og meldingar om nye bygg og andre tiltak innafor området.

Kyrkjegardar og omgjevnader rundt kyrkja

  • Arealplanar og tiltak knytt til kyrkjestader/kyrkjegardar frå mellomalderen skal stilast til Riksantikvaren, men sendast til fylkeskommunen (rundskriv T-3/2000).
  • Arealplanar og tiltak knytt til kyrkjegardar og gravminne (rundskriv T-3/2000).
  • Arealplanar og tiltak i omgjevnadane til kyrkja (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på listeførte kyrkjer bygd etter 1850 (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på ein kvar bygning nærare enn 60 m frå listeførte kyrkjer oppført etter 1850, som ligg i spreidd busetnad område.

Sjå www.kirkesok.no  og https://askeladden.ra.no

Kulturmiljø og landskap

  • Søknader og meldingar om større tiltak innafor kulturmiljø og kulturlandskap som er vurdert å vera av nasjonal og/eller regional verdi.
  • Arealplanar og tiltak innafor landskapsvernområde og naturreservat.

Arealplanar, dispensasjonar og konsekvensutgreiing

  • Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar : Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planforslag, i tillegg vedteken plan.
  • Dispensasjonssøknader etter pbl § 19 som rører ved nasjonale/regionale kulturminneverdiar.
  • Konsekvensutgreiing: Planprogram, melding med forslag til utgreiingsprogram, fastsett utgreiingsprogram og sjølve konsekvensutgreiinga.

Saker som bør sendast til fylkeskommunen

  • Tiltak på bygg og anlegg av lokal verdi som er regulert til spesialområde bevaring eller omsynssone iht pbl (§ 25.6. i gamal lov og § 12-6 i ny lov). Kommunen må sjølv gjere sine vurderingar om saka skal sendast vidare.
  • Søknad om tilskot til kulturminne gjennom SMIL - Spesielle miljøtiltak i jordbruket, sendast til fylkeskommunen.
  • Tiltak på ikkje listeførte kyrkjer bygd etter 1850 (rundskriv T-3/2000).
  • Bygge- og rivesaker på bygningar som i kommunale kulturminneplanar er vurdert å vera av høg verneverdi.

Saker som kan sendast til fylkeskommunen

  • Tiltak som vedkjem SEFRAK-registrerte bygningar oppført etter 1850 som kommunen ser har kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Her bør kommunen gjere ei vurdering først, men ved tvil kan fylkeskommunen kontaktast. NB!
  • Det er ingen regel at tiltak på alle SEFRAK-registrerte hus skal sendast til fylkeskommunen. Det at ein bygning er SEFRAK-registrert medfører ikkje automatisk nokon vernestatus eller vernerestriksjon.
  • Tiltak som vedkjem bygningar og bygningsmiljø frå 1900-talet som ikkje er SEFRAK-registrerte, men som er godt bevart/typisk for si tid etc, og som kommunen ser har kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Kommunen bør gjera ei vurdering først, men kan ved tvil kontakta fylkeskommunen.

Saker som ikkje skal sendast til fylkeskommunen

  • Førespurnad frå private utbyggjarar og grunneigarar i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel. Slike førespurnader skal gå til kommunen.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar som i kommunale kulturminneplanar har låg verneverdi.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar av kun lokal verdi som er yngre enn 1850. Kommunar som ikkje har god nok oversikt over kulturminna sine, der det til dømes ikkje er laga kulturminneplan,bør ved tvil konsultera kommunale fagressursar.
  • Lokale tilretteleggingsprosjekt og skjøtselsplanar. NB! Dette gjeld ikkje for arkeologiske kulturminne, der fylkeskommunen er delegert mynde i samsvar med kml.
  • Førespurnad frå eigedomsmeklarar, seljarar og kjøparar om planstatus og vernestatus i samband med kjøp og sal av eigendomar bør rettast til kommunen.

Saker som skal sendast direkte til Riksantikvaren

  • Tiltak på og i kyrkjer bygd før 1650 (automatisk freda, vernekategori 1), alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 (vernekategori 2).
  • Bygging nærare enn 60-meter frå kyrkjer bygd før 1850. Gjeld også bygg under 15m2 som ikkje er melde- og søknadspliktige i samsvar med pbl (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på bygningar og anlegg i staten si eige. Unnateke  frå dette er tiltak på jernbanestasjonar, prestegardar og fyr, som skal handsamast av fylkeskommunen.

Krav til dokumentasjon i saker som vert sendt fylkeskommunen

For ei raskare, meir effektiv og god sakshandsaming, er det viktig at saker er så godt opplyst at fylkeskommunen kan gje ei fråsegn utan å be om meir informasjon. Dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, kan ein rekna med at ho blir returnert.

I reguleringsplanar bør det allereie i varsel om oppstart vera med følgjande opplysningar:

  • Tydelege kart med stadnamn, gatenamn, gardsnamn, gards- og bruksnummer
  • Status i kommuneplanen og eventuell vernestatus
  • Føremålet med planen
  • Utgreiing av planområdet med landskap, eksisterande busetnad og kjende kulturminne
  • Førebels vurdering frå kommunen
  • Namn på tiltakshavar og sakshandsamar i kommunen.

I bygge- og rivesaker skal det vera med følgjande opplysningar :

  • Planstatus og vernestatus
  • Namn på eventuell reguleringsplan som bygningen ligg innafor, samt avgjersle og plankart
  • Om tiltaket er ei dispensasjonssak iht pbl § 19
  • SEFRAK-nummer (finnast i GAB)
  • Tydelege kart med stadnamn, gatenamn, gardsnamn, gards- og bruksnummer
  • Plan- og fasadeteikningar av eksisterande og ny situasjon
  • Bilete av bygningen og nære omgjevnader
  • Byggeår, byggemåte, materialbruk, teknisk tilstand og eventuelle skader
  • Utgreiing av tiltak
  • Førebels vurdering frå kommunen
  • Namn på tiltakshavar og sakshandsamar i kommunen.

Private planforslag og byggesaker som er sendt over frå private:

  • Varsel om oppstart av private reguleringsplanar bør ha vore diskutert med kommunen i førehandskonferanse eller på annan måte før dei blir sendt til fylkeskommunen. Referat frå oppstartmøte bør sendast over til fylkeskommunen (pbl § 21-1).
  • Byggesaker frå private bør ha vore teke opp med kommunen i førehandskonferanse eller på annan måte før dei blir sende til fylkeskommunen. Kommunen si  førehandsvurdering bør leggjast ved saka.

Andre tiltak:

  • Søknadar i høve til dispensasjon, landbruksvegar, nydyrking m.m. må alltid ha med gardsnamn, gards- og bruksnummer, kart og fotodokumentasjon.