Kulturminneplanar i kommunane - KIK

Hordaland fylkeskommune arbeider aktivt for å auke kulturminnekompetansen i fylket.

Samarbeid om lokale kulturminneplanar mellom fylkeskommunen, staten, kommunane, musea og frivillige er ei hovudsatsing. Målet er å få betre oversikt over dei viktigaste kulturminne og sikre kulturarven som kjelder til kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Lokal forankring i kommunane er nøkkelen til å sikre og foredle vår felles kulturarv

Som planmynde er kommunane den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar. Arealendringar gjør det ut-fordrande å sikre disse verdiane. I distrikta er det naudsynt å forhindre forfall og gjengroing, mens kulturhisto-riske verdiar i byane må takast omsyn til når områder er under utvikling og omforming.

Landskap, kulturmiljø og kulturminne utgjør et viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling. Slike verdiar bidrar til å utvikle attraktive lokalsamfunn og reisemål. Kulturarven kan utnyttes i større grad enn i dag til å bygge opp under ei positiv samfunnsutvikling.

Det er kommunane i samspel med innbyggarane som kjenner best på kva kulturminne fortelle kommune si felles historie.

Fylkeskommunen bidrar med:

  • økonomisk støtte og ulike tilskottsordninga
  • møteplasser, seminar og kurs
  • gode rutinar for tidleg dialog i plansaker
  • utvikling av kommunalt handlingsrom i kulturminneforvaltning
  • etablere dialog mellom kommunane, musea og frivillige om formidling av kulturarv og verdiskaping
  • digitalisert og tilrettelagt kulturminneregistre og rettleiing
Profilbilde av Elizabeth Warren
Elizabeth Warren
48991872