Hagen på Stend

Hagen på Stend er eit prosjekt forankra i Hordaland fylkeskommune med eit tverrfagleg samarbeid med instansar og einskildpersonar som har ekspertise på historiske hageanlegg.

Hageprosjektet på Stend er eit prosjekt av nasjonal verdi, der det er viktig å samhandla med ulike fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt i tråd med retningslinene i Firenze-charteret av 1982 med føringar som er vedteke av ICOMOS og IFLA.

Slik ønskjer vi å ha ein best mulig prosess for rehabiliteringsarbeidet for hagen på Stend.

Om prosjektet

Forprosjektet

Forprosjektet vart planlagt med ein firdeling av tiltak, der det no ligg føre resultat i form av rapportar. Det er desse resultata som var grunnlag for tolkingsseminaret 24. april 2012.

Den forsvunne hagen på Stend

Det første prosjektet byggjer på arkivmaterialet med kart og skriftlege kjelder, og ligg føre som hefte: ”Den forsvunne hagen på Stend” Sveinung Skjold.

På seminaret 10. mai 2011 vart det konkludert med at ein må gå vidare med arkivarbeid for å underbygga materialet som alt er kjend og utvida kunnskapen om hagen. Denne informasjonen vert presentert på seminaret 24. april.

Kartlegging av fysiske spor av hagen

Andre del av forprosjektet var arbeid på staden, med kartlegging av fysiske spor av hagen med georadar. Målet var at resultatet skulle gje grunnlag for det vidare tolkingsarbeidet.

Den geofysiske undersøkinga vart utførd den første veka i mai 2011 (veke 18), i eit samarbeid mellom NIKU og det svenske riksantikvarembetet. NIKU er i eit internasjonalt samarbeid, og tolkinga av data går såleis inn i samarbeidet med fleire land med prosjektbase i Austerrike.

Sjå rapport om georadarundersøking av hageanlegget på Stend 2011

 Sjå rapport om georadarundersøking av hageanlegget på Stend 2012

Sjå tillegg til rapport om georadarundersøking 2012

Hagearkeologi

Rapporten frå dei geofysiske undersøkingane var grunnlag for det vidare arbeidet med å avdekka hagespor på staden, og vart levert til tolkingsmøte den15. august 2011, der ein hadde ein samling med folk med kompetanse frå hagehistorie, hagearkeologi og arkeologi.

Drøftingane gav grunnlag for val av område for stikk- og sjaktgraving, som ein oppstart på det hagearkeologiske arbeidet. Arbeidet vart utført veke 33 og 34 i 2011.

Sjå rapport om hagearkeologisk registrering 2011

Sjå rapport om hagearkelogisk registrering 2013

Sjå rapport om hagearkelogisk registrering 2014

Jord- og pollenprøvar

I samband med det hagearkeologiske forprosjektet, vil fjerde del av forprosjektet vera å ta jord- og pollenprøvar. Det for å kunna dyrka fram eit mest mogleg autentisk plantemateriale. Rapporten ligg føre i mars 2012.

Sjå pollenanalyser av prøver fra sjakt 1B

Sjå pollenanalyser av prøver fra sjakt 2

Botanisk kartlegging av dagens hage ved Stend Hovedgård

Rapportane gjev grunnlag for drøfting og tolking

Rapportane frå dei ulike områda vil gje materiale som vil vera kunnskapstilfang for drøfting og tolking på seminaret relatert til relevant kunnskap som deltakarane har. Innspel og konklusjonar frå denne delen av prosessen vil gje grunnlag for eventuell utviding av forprosjektet og for definering av dei ulike modulane av hovudprosjektet.

Fagleg koordineringsgruppe

Annegreth Dietze-Schirdewahn, Institutt for landskapsplanlegging, Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)
Per Harald Salvesen, Universitetet i Bergen, Arboretet 
Bjørn Lyngedal / Magnus Vaktskjold, Stend videregåande skole 
David Sandved, Hordaland fylkeskommune, seksjon for kulturminne og museum 
Ingebjørg E Astrup, Hordaland fylkeskommune, prosjektleiar for ”Hagen på Stend”

Informasjon om hagen, huset og området

Frå høvdingsete til representasjonsstad

Krohns hage på Stend

Samandrag

Samandrag om forprosjektet

Samandrag arkivsøk

Planar for rekonstruksjon

Plan for framtidige tiltak

Rekonstruksjon av det historiske hageanlegget

Oppsummering av arbeidet med hagen på Stend

Den historiske hagen på Stend

Kontakt

Kontaktperson for opplysninger om Hagen på Stend er Asbjørn Olsmo, Stend vgs. Tlf. 90143891.