Bygningsvern

Målsetjinga til Hordaland fylkeskommune er å verke til at ein lokalt, både i kommunane og på eigarnivå ser verdien av vern og ivaretaking. Kulturminne og kulturlandskap som ressurs til kunnskap, opplevingar og bruk skal løftast fram.

Kulturminne og kulturmiljø er samfunnet sine felles verdiar. Dei er unike og uerstattelege ressursar til kunnskap, oppleving og bruk – for den einskilde og for fellesskapet.

Verneverdige bygningar

Som nyare tids kulturminne reknar vi alle spor etter menneskeleg aktivitet i tida etter 1537. Dette femner om både bygningar og bygningsmiljø, men òg andre element slik som tekniske kulturminne, kulturlandskap, steingardar, utmarksminne og fartøy. Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. Kulturminna fortel oss på lokalt nivå om viktige delar av historia vår, og dei er viktige å ta vare på for ettertida.

Verneverdige bygningar og andre kulturminne kan sikrast for framtida ved å gi dei eit formelt vern. Dei to viktigaste vernetypane for kulturminne frå nyare tid er freding etter kulturminnelova og regulering til vern etter plan- og bygningslova, og dei fører med seg ulike reglar for korleis husa skal ivaretakast. Dei fleste verneverdige bygningar har likevel ikkje noko formelt vern. Det er likevel viktig å ta vare på dei og gjere det på ein måte som tek omsyn til kulturminneverdiane.

Rådgjeving

Eigarane av verneverdige bygningar forvaltar ein viktig del av kulturarven vår. Å ta vare på gamle bygningar kan vere ei krevjande oppgåve, men dersom det vert gjort med omsut og sans for dei gamle bygningane sine unike kvalitetar, er det også eit arbeid som løner seg. Hordaland fylkeskommune arbeider for at eigarar og kommunar ser verdien i denne kulturarven og for at ein finn gode løysingar for å ta vare på den.

Fylkeskommunen gjev råd og innspel til spørsmål om vern og vøling av verneverdige bygningar og anlegg. Dette kan skje både i samband med plan- og byggjesaker og der eigar har fått tilskot til istandsetting, men òg i einskilde andre vedlikehalds- og restaureringsprosjekt. Ved særskilde høve kan vi tilby dendrokronologisk analyse, dvs. kjerneboring for å fastslå alderen på bygget. Fylkeskommunen kan også gi generell rettleiing og hjelp til søknader om tilskot.

Ei rekkje praktiske råd for vedlikehald og restaurering finn du lengst nede på denne sida.

Bygningsvernkonsulentane

I Hordaland er kulturhistorisk arbeid på musea og kulturminnevernet to sektorar som står i nært samband med kvarandre, og det har vore eit mål å styrkja musea si rolle i kulturminnevernet. Det er difor oppretta stillingar som bygningsvernkonsulent ved fleire av musea i fylket. Hovudmålsettinga med bygningsvernkonsulentane er å sikre større lokal tilknyting og nærleik til saker i lokalsamfunna gjennom rådgjeving i kulturminnevern og museumsfaglege spørsmål. Konsulentane yter fagleg hjelp i sine respektive regionar både innafor musea, til fylkeskommunen, kommunane, eigarar av kulturminne, ålmenta, skular, frivillig sektor og næringsdrivande.

For kommunane er bygningsvernkonsulentane ein god ressurs til stor hjelp i lokale saker. Ordninga er dessutan viktig for å hjelpa private tiltakshavarar med utforming av prosjekt og søking om stønad til restaurering og vedlikehald.

Dei fleste kommunane i Hordaland fell inn under ansvarsområdet til ein av bygningsvernkonsulentane. Dei finst ved dei følgjande musea (kommunane dei har ansvar for i parentes):

  • Hardanger og Voss museum  (Granvin, Ulvik, Eidfjord, Kvam, Jondal, Odda, Ullensvang)
  • Sunnhordland Museum (Stord, Fitjar, Tysnes, Austevoll, Kvinnherad, Etne, Bømlo, Sveio)
  • Museumssenteret i Hordaland (Fedje, Masfjorden, Modalen, Austrheim, Meland, Lindås, Radøy, Osterøy, Vaksdal)
  • Bymuseet i Bergen (Bergen)
  • Museum Vest (Askøy, Fjell, Sund, Øygarden)

Ønskjer ein hjelp frå bygningsvernkonsulentane, er det mogleg å kontakte desse musea direkte, eller fylkeskommunen kan formidle kontakt.

Vern gjennom bruk

Dei aller fleste kulturminne er eigde av private, som dermed tek stort ansvar på vegne av samfunnet. Kulturminna er avhengige av entusiastiske eigarar, næringsutøvarar og andre som ser nytte i desse ressursane. Mange verneverdige bygningar forsvinn fordi det ikkje lenger er trong for dei, eller fordi dei ikkje er tilpassa nye brukskrav. Dei fleste kulturminne kan difor berre vernast gjennom bruk, noko som òg er i tråd med nasjonal politikk.

Vern gjennom bruk inneber ulike gradar av tilpassing til dagens krav. I ein del tilfelle kan husa halde fram med same type bruk, men med tekniske oppgraderingar, til dømes nye våtrom og betre isolering i gamle bustadhus. Andre gonger eignar ikkje bygningen seg lenger for det opphavlege føremålet, eller den gamle bruken er heilt forsvunne. Dette gjeld mellom anna for mange bygg knytte til landsbruksdrift.  Oppgåva vert då både å finne ein ny bruk og å leggje til rette for den. Med rett kunnskap og omtanke kan dei fleste eldre bygningar tilpassast dagens brukskrav, samstundes som dei vesentlege kulturminnekvalitetane vert tekne vare på. 

Tradisjonshandverk

Den teknologiske og arkitektoniske utviklinga har ført til store endringar i byggjeskikken når det gjeld byggjemåte, materialbruk og estetikk. Eldre hus er difor ei uunnverleg kjelde til kunnskap om tradisjonelle byggjeteknikkar og materialbruk, og dette er ein viktig del av verdien dei har som kulturminne. I tradisjonshandverket er det samla mange hunderårs røynsle innan materialkvalitet, solide konstruksjonar og tilpassing til lokalklimaet. Difor har det mange føremoner å nytte tradisjonelle material og teknikkar i vedlikehald og restaurering.

Fylkeskommunen sit på høg kompetanse i tradisjonshandverk, særleg innan trebygging, og kan bidra med rådgjeving og kontakt med fagmiljøet elles. Fylkeskommunen tek òg aktiv del i arbeidet med å sikre kunnskapsoverføring av gamle handverkstradisjonar og kan til dømes arrangere kurs og foredrag om gamle handverksteknikkar.

Prinsipp for vedlikehald og restaurering

Hovudprinsippet for vedlikehald av gamle bygningar er å ta vare på opphavlege og gamle bygningselement og detaljar så langt som råd er. Vedlikehald bør utførast med same teknikk, materialbruk og utføring som då huset vart nytt. Det er viktig ikkje å skifte ut meir enn det som er naudsynt.

Bygningsdelar generelt

Dersom bygningsdelar må skiftast ut, bør dei nye delane få same material, dimensjon og utføring som dei gamle. Der det let seg gjere, bør ein ta vare på dei utskifta delane som dokumentasjon.

Berre det som er direkte øydelagt bør skiftast ut. Når delar av bygningselement er øydelagde, bør ein ta vare på så mykje som råd av det gamle og skøyte nytt materiale inn i det gamle. Å restaurere er betre enn å skifte ut. Dette gjeld alle bygningsdelane, både konstruksjonen, vindauga, dørene, listverket, kledningen og overflatehandsaminga.

Ved å ta vare på dei einskilde bygningselementa vernar ein om huset sin autentisitet som originalt kulturminne. Kopiar vil aldri fullt ut kunna erstatte originale bygningsdelar. Det finst diverre altfor mange døme på bygningar som har skifta karakter etter at dei har blitt restaurerte.

Flytting

Å flytte ein verneverdig bygning er sjølvsagt betre enn å rive han eller byggje han heilt om. Like fullt er flytting ei løysing ein bør vere varsam med. Omsynet til tunstrukturar, terreng, landskap eller andre omgjevnader og historie spelar inn her. Gamle bygningar bør som hovudregel få stå i sine opphavlege miljø.

Praktiske råd for dei einskilde bygningsdelane

Grunnmur/fundament

Dersom grunnmuren eller fundamentet delvis har falle ned eller truar med å rasa ut, kan det vere naudsynt å plukke muren ned og setje han opp att. Dersom muren er av hoggen stein, bør ein merke steinane først. Dette gjeld også utvendige steintrappar.

Tak og taktekkje

Taket er særs viktige for heilskapen både til einskilde bygningar og større bygningsmiljø. Alt taktekkje som er brukande bør nyttast opp att når ein tekkjer om. Ein bør òg ta vare på det som ligg under yttertaket som historieforteljande element. Ein bør aldri skifte ut tegl eller skifer med betongstein eller takplater.

Kledning 

Ved skifte av kledning er det berre rotne bord og øydelagde delar som må bytast ut. Mykje av den kultur- og arkitekturhistoriske verdien til bygningen vil gå tapt for alltid dersom ein skifter meir enn det som er naudsynt. Materialkvaliteten til gamal kledning er oftast svært god. Gode bord kan ein kante og montere på nytt, og gjenbruk av kledning kan difor vere aktuelt. Nye kledningsbord må vere like dei opphavlege med omsyn til material, dimensjon, profil og overflate.

Eldre hus, med unnatak av lågt prioriterte uthus, har alltid høvla panel og listverk. Dette er viktig å hugse dersom ein skal skifte kledning, for uhøvla kledning gjev eit heilt anna inntrykk. Høvla kledning bør ein måle med linoljemåling, som heftar godt på høvla underlag. Mange moderne målingstypar har for store molekylar som ikkje trenger godt nok inn i ei glatthøvla flate, noko som fører til at målinga skallar av. Eventuelt kan ein få grunning særskilt framstilt for høvla panel.

Måling

Når ein målar ein bygning, bør ein halda seg til den opphavlege fargen. Den gamle målinga bør analyserast før ny måling vert ført på. På gamle hus bør ein nytte tjøre, linoljemåling eller anna oljebasert måling, ikkje (olje)dekkbeis. Eldre hus bør ein skrape, ein må ikkje høgtryksspyle eller sandblåse, då dette verkar øydeleggjande på kledningen. Ein bør ikkje sprøytemåle, men måle med vanleg kost.

Ny, umåla kledning bør gråna naturleg og ikkje målast grå for å likna på den gamle. Ei blanding av tretjøre og kokt linolje (halvt om halvt) gjev ei svært god impregnering og grånar med tida om lag som umåla kledning. Sjå også avsnittet om kledning over.

Vindauge og dører

Vindauge bør ein så langt som råd restaurere eller reparere. Vindauge med enkle glas kan få betre isolasjonsevne dersom det vert sett inn varevindauge på innsida eller dei vert bygde om til kopla vindauge. Dersom dette ikkje let seg gjere, bør dei nye lagast etter mål og vere like dei gamle med omsyn til material, profilar og utforming elles.

Ved reparasjon og utskifting av vindauge lyt ein ta det gamle listverket varsamt ned slik at det kan nyttast opp att. Nytt listverk bør vere nøyaktig likt det gamle, og ein lyt vere nøye med tilpassingar, utfòringar osb. Sjølve glaset og beslaga bør ein ta vare på og nytte på ny. Det vakre, litt ujamne, gammaldagse vindaugsglaset gjev vindauga liv.

Nye vindaugsramer bør, på same måten som gamle, vere av kjerneved. I sprossevindauge må sprossene vere gjennomgåande eller «ekte», ikkje utanpålagde eller «falske». I gamle hus bør ein ha enkle vindaugsglas. Alternativt kan ein velje kopla vindauge med eitt glas i kvar ramme. Det ytre glaset har då gjennomgåande sprosser, det indre er ei glasrute utan sprosser. Då kan ein få same typar sprosser som i dei opphavlege vindauga.

Det er ofte lagt mykje godt handverk ned i gamle dører, og ei dør er ofte det sikraste haldepunktet for å tidfeste eit gamalt hus. Dører lyt ein difor ta vare på etter det same hovudprinsippet: å skifte ut minst mogleg.

Golv 

Gamle tregolv har eit eige liv; nye vert sjeldan det same. Gamle golvbord har ofte så god kvalitet at det berre er naudsynt å skifte ut einskilde rotne bord. Dersom heile golvet må leggjast om, bør ein leggje det nye golvet oppå det gamle. Dersom det finst gammalt linoleumsbelegg på eit golv, kan også det vere verd å ta vare på. Linoleum er eit naturmaterial, og det fanst mange særmerkte mønstra linoleumsbelegg  tidleg på 1900-talet som no er sjeldsynte.

Lufting

For å sikre god utlufting av konstruksjonar og fast interiør, bør ein ikkje lagre eller samle opp gjenstandar langs ytterveggar eller golv. Desse bør ha god utlufting heile året.

Ta kontakt for spørsmål: