Arkeologi og freda kulturminne

Fagområdet arkeologi handlar i hovudsak mykje om studiet av spor etter menneske og kulturtilhøve i førhistoriske tider.

Arkeologi

I vårt fylke kan ein rekne den førhistoriske perioden frå byrjinga av steinalder for om lag 11000 år sidan, gjennom bronsealder, jernalder og ut mellomalder, heilt fram til reformasjonen i 1536. Fylkeskonservatoren skal som regionalt mynde sjå til at vern av både kjende og til no ikkje kjende kulturminne vert tekne vare på og sikra for ettertida.

Då kulturminnevernet fekk ei ny organisering i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i samband med plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det fylkeskonservatoren sitt kontor ved Kultur- og idrettsavdelinga, som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Dette arbeidet er med utgangspunkt i kulturminnelova sine definisjonar. Med kulturminne meiner ein alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljø, men også lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Kulturminnelova slår fast at det er dei kulturelle spora  eldre enn reformasjonen, som er automatisk freda kulturminne. Dette gjeld også gjenstandar eldre enn 1536. Myntar eldre enn 1650 er òg omfatta av kulturminnelova. Lausfunn frå ulike tider viser at folk har vore i området.

Fylkeskonservatoren si delegerte oppgåve er sjå til at dei kjende automatisk freda kulturminna vert tekne vare på for ettertida. Det skal og sikre at eventuelle nyoppdaga kulturminne får eit tilstrekkeleg vern i planar, eller vert frigitt gjennom prosess. Hordaland fylkeskommune har som delegert kulturminnemynde i oppgåve å undersøkje og dokumentere automatisk freda kulturminne i arealplanar. Arkeologar har difor som ei av sine hovudoppgåver å undersøkje areal som vert omfatta av offentlege eller private arealplanar.

For eigarar av automatisk freda kulturminne

Det er eit stort ansvar å eige eit automatisk freda kulturminne. For grunneigar kan det nok stundom virke utfordrande, men det kan og vere gjevande. Utfordrande fordi eigar må halda seg til lover og reglar for tiltak i/på, eller attmed eit verna kulturminne. Kulturminnelova viser til eit overordna vern av kulturminne, der ein lokalt må finne dei gode løysingane. Det er også gjevande å vera eigar av eit freda kulturminne, i og med at ein forvaltar spor etter folk som har levd før oss, gjerne tusenvis av år attende i tid.

Kulturminna er ein del av vår kollektive arv, ein arv som skal og må forvaltast etter beste evne.

Fylkeskonservatoren som har førstelinjeansvar innan kulturminnevernet fleire oppgåver. Ei er å støtte opp om eigarar av automatisk freda kulturminne med informasjon om kva ein kan få løyve til og ikkje. Fylkeskonservatoren vert slik bindeledd mellom ei nasjonal forvalting og private eigarar sine ynskjer. Opp mot dei nasjonale måla skal me sikre at kulturminna er rett kartfesta og sikra mot inngrep. I høve til eigarar skal me yte hjelp til kartlegging, rådgjeving og skjøtsel av kulturminna.

Fylkeskonservatoren skal ha ei aktiv rolle i all offentleg og privat arealplanlegging og har såleis eit overordna ansvar for kulturminna gjennom rådgjeving i planprosessar  og andre søknader.

Fylkeskonservatoren kan hjelpe eigarar med søknader om tilskot og støtte for å ta vare på kulturminnet eller kulturminna dersom det er fleire.

Fylkeskonservatoren tilbyr òg innsyn i eldre kulturminneregistreringar. Dette gjer det mogleg for både private og offentlege partar å få ei brei innsikt i kva som finst i kommunen. Fylkeskommunen lagar og planar for skjøtsel for eit utval kulturminne, som er eigna til skjøtsel og formidling for publikum.

Fylkeskonservatoren støttar opp om, eller lagar sjølv skilt med informasjon om viktige kulturminne.

Fylkeskommunen støttar og opp om arbeidet med skilting av kulturminneløyper og turstiar der kulturminneverdiar er ein viktig del av opplevinga

Skjøtsel og formidling av arkeologiske kulturminne

Kva er skjøtsel?

Å rydda vekk skog, kratt og busker frå eit arkeologisk kulturminne kallar ein å gjera skjøtsel. Skjøtsel vert gjort for å gjera kulturminna meir synlege og for å sikra dei mot skade frå til dømes rotvelte. God skjøtsel er tiltak som gjer at kulturminnet kan opplevast som del av ein naturleg samanheng med landskapet.

Nokre kulturminne er lette å rydda og vedlikehalda, medan andre kulturminne kan vera meir arbeidskrevjande og ha trong til rydding fleire gongar i året. Det er òg viktig å sikra at det er mogleg å komma til kulturminnet på ein god måte gjennom rydding og merking av sti og parkering dersom det er trong til dette.

Kven kan gjera skjøtsel eller tilrettelegging av arkeologiske kulturminne?

Kulturminnelova § 3 seier at det ikkje er lov å gjera noko form for arbeid på arkeologiske kulturminne utan at ein har fått løyve frå kulturminnemynda. Ein kan difor ikkje sjølv setje i gong rydding eller anna arbeid på eit kulturminne utan at ein har fått løyve av fylkeskommunen eller det ligg føre ein skjøtselsplan som er godkjent av fylkeskommunen.

Dersom du ønskjer å rydda fram eller skilta eit kulturminne på lista bør ein ta kontakt med grunneigar og kommune. Det er viktig at grunneigar er positiv til arbeidet. Deretter kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune. Dersom prosjektet fyller krava vil fylkeskommunen komma med råd og rettleiing, og vil i dei fleste tilfelle utarbeida ein skjøtselsplan som fortel kva som kan gjerast og korleis. Ein slik plan vert utarbeidd i samarbeid med kommune, grunneigar og eventuelle frivillige.

Skjøtsel gjennom slått og beite – må eg søkje om dette?

Dersom eit kulturminne på din eigedom ligg i mark som vert beita eller slått, treng du ikkje løyve til å halda fram med dette så lenge det ikkje fører til skade på kulturminnet. Dersom du til dømes ser at sauene har laga eit erosjonssår som grev seg inn i sida på gravhaugen på beitet må du ta kontakt med fylkeskommunen, så ein kan finna ei løysing som stoggar slitasjen.