Turnétilbod i 2019

Desse foredragshaldarene og forfattarane kjem til folkebiblioteka i løpet av 2019.

Bokåret 2019

I høve 500-års jubileet for Noreg si eldste bok, delte Nasjonalbiblioteket ut kr 15 mill. til bibliotek og kr 12 mill. til lese- og litteraturinstitusjonar og andre som ynskte å markere Bokåret 2019.

Hordaland fylkeskommune søkte og fekk tildelt kr 800 000 til markeringa i kommunane utanom Bergen. Av desse vart 265 000 delt direkte ut til biblioteka til bruk slik dei meiner er best i sin kommune. Resten av midlane er brukt til å skipe til turnear som vert sendt rundt i fylket, fordelt etter kva det enkelte bibliotek har ynskt og kva som har vore mogleg å få til i eit vidstrekt fylke.

Vi skal feire lesarar og leseglede med eit mangfald av tilskipingar ved alle bokbåt- og bokbusstopp, ved alle bibliotek og bibliotekfilialar. Over 200 tilskipingar er målet – tilskipingar av ulikt slag, for ulike grupper og med ulikt innhald. Skodespel, figurteater, forfattarmøter og barnebokbad er noko av det vi har planlagt.

Bokåret 2019-program