Gå inn her for å lese om dei konkrete tilboda for 2019
Turnétilbod i 2019Mål
Biblioteka skal stå fram som aktørar og leverandørar av gode og kvalitetssikra arrangement, debattar og anna kulturell verksemd i lokalsamfunna.
Tiltak
Ut frå tilgjengelege ressursar organiserer vi og støttar turnear i biblioteka. Vi arbeider enten som produsent eller turneplanlegger.
I samarbeid med biblioteka, eller på initiativ frå utøvarar, finn vi gode tilbydarar innan eit breitt spekter av uttrykk. Vi tek utgangspunkt i aktuelle tema som rører seg i samfunnet/tida og skapar gode debattar og samtaler.
Vi bidreg med fornuftig turneplanlegging, og vi har i mange tilfelle kontakt med utøvar om praktisk gjennomføring, bestilling av fly og hotell, kontraktar med utøvar, marknadsføringsmateriell og evaluering av arrangementa.
I samarbeid med Folkeakademiet Hordaland tilbyr vi økonomisk stønad til enkelte turnear.