Tilskot til modellbibliotek

Søk om midlar for å utvikle folkebiblioteka til arena for kulturopplevingar, offentleg samtale og debatt for alle.

Føremål med ordninga

Biblioteket skal vere møteplass og arena. Vi har eit behov for å synleggjere nye tenester og samarbeidsformer og byggje ned samlingane. For å bli meir moderne og attraktive, treng fleire folkebibliotek i større eller mindre omfang å endre seg. Fleire treng nye eller renoverte lokale for å oppfylle samfunnssoppdraget sitt. Biblioteket som søkjer, må ha ambisjonar om å bli eit kunnskaps- og aktivitetssentrum, ein uformell møtestad og arena for kulturopplevingar, offentleg samtale og debatt. Eit anna aspekt kan vere utprøving av nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer. Det bør også vurderast om biblioteket skal vere meir ope.

Kven kan søkje

Kommunale folkebibliotek eller kombinasjonsbibliotek.

Kva kan vi gje støtte til

Innkjøp av bibliotekinnreiing, utlånsautomat, utstyr til meirope bibliotek mm.

Støttenivå

To prosjekt støttast med til saman 100 000 kroner i 2019.

Fylkesbiblioteket bidrar i tillegg med interiørarkitekt, deltaking i prosjektgruppe og praktisk arbeid inn i prosjektet. Kommunen må forplikte seg til å nytte minimum kroner 100 000 til prosjektet.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde skildring av mål, budsjett, framdriftsplan og stadfesting av kommunal eigenandel.

Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv. skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar.

Forvaltingslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege. Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som avvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tilsegnsmottakar skal rapportere status innan det aktuelle budsjettåret, men det kan søkast overføring til neste år. Endeleg rapport må innleverast etter prosjektet er avslutta.

Rapporten skal innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering


Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom det oppstår vesentlege avvik frå planen i prosjektperioden. Fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført, skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Send det til til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no merka "Tilskot modellbibliotek".

Fylkesbiblioteksjef
Profilbilde av Ruth Ørnholt
Ruth Ørnholt
95913398