Tilskot til kompetanseutvikling

Søk om midlar for å styrke den bibliotekfaglige kompetansen i Hordaland.

Føremål med ordninga

Ordninga skal styrke den bibliotekfaglege kompetanse i folkebiblioteka i Hordaland. Midlane kan også nyttast til individuelle søknader om støtte til etter- og vidareutdanning.

Kven kan søkje

  •  Organisasjonar og institusjonar som gjennomfører kurs og konferansar for bibliotektilsette
  •  Tilsette i folkebiblioteka

Kva kan støttast (i prioritert rekkefølgje)

1. Utgifter til organisering og gjennomføring av kurs og konferansar
2. Studieavgift på kompetansegivande etter- og vidareutdanning
3. Andre utgifter til etter- og vidareutdanning
Søknadsfrist: 15. februar

Støttenivå

  •  maksimalt kr 40 000 til organisasjonar og institusjonar
  •  maksimalt kr 15 000 til individuelle søkjarar

Budsjett: kr 100 000

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde skildring av mål, budsjett og framdriftsplan.

Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv. skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar.

Forvaltingslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege. Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som avvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tilsegnsmottakar skal rapportere status innan det aktuelle budsjettåret, men det kan søkast overføring til neste år. Endeleg rapport må innleverast etter prosjektet er avslutta.

Rapporten skal innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom det oppstår vesentlege avvik frå planen i prosjektperioden. Fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført, skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Send det til til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no merka "Tilskot til kompetanseutvikling".

Fylkesbiblioteksjef
Profilbilde av Ruth Ørnholt
Ruth Ørnholt
95913398