Tilskot til interkommunale bibliotekprosjekt

Søk om midlar for å utvikle biblioteksamarbeid i Hordaland.

Føremål med ordninga

Ordninga skal bidra til å stimulere folkebiblioteka til samarbeid om arrangement knytt til bøker, lesing og formidling av bibliotekets innhaldsressursar, kopla til gjennomføring av Bokåret 2019. Midlane kan også nyttast til å styrke samarbeidet mellom bibliotek i etablerte samarbeidsregionar.

Kven kan søkje

  • Regionale biblioteksamarbeid.
  • Kommunale folkebibliotek i samarbeid med minst ein annan kommune.

Kva kan støttast

  • Utvikling av tiltak og arrangement i samarbeid med andre kommunar.
  • Koordineringsarbeid.
  • Kompetanseheving i forum for samarbeid og deling av beste praksis.

Støttenivå

  • maksimalt kr 50 000

Budsjett: kr 200 000

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde skildring av mål, budsjett og framdriftsplan.

Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv. skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar.

Forvaltingslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege. Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som avvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tilsegnsmottakar skal rapportere status innan det aktuelle budsjettåret, men det kan søkast overføring til neste år. Endeleg rapport må innleverast etter prosjektet er avslutta.

Rapporten skal innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom det oppstår vesentlege avvik frå planen i prosjektperioden. Fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført, skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Send det til til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no merka "Tilskot interkommunale bibliotekprosjekt".

Fylkesbiblioteksjef
Profilbilde av Ruth Ørnholt
Ruth Ørnholt
95913398