Stipend IFLA 2019

For bibliotektilsette i Hordaland.

Tema

I 2016 arrangerte Hordaland fylkesbibliotek i samarbeid med Bergen Off. Bibliotek, Universitetsbiblioteket i Bergen og biblioteket på Høgskulen i Bergen ein internasjonal bibliotekkonferanse i samband med World Library and Information Congress i Polen. Pre-konferansen hadde gode sponsorinntekter og gjekk med overskot på kr 68 000. Midlane vil utlysast som stipend, slik at bibliotektilsette i Hordaland kan delta på World Library and Information Congress 2019, som skal haldast 24.-30. august i Aten, Hellas.

Kven kan søkje

Tilsette i folkebibliotek i Hordaland, Universitetsbiblioteket i Bergen eller på Høgskulen på Vestlandet

Støttenivå

6 stipend á kr 10 000
Budsjett: kr 60 000



Sakshandsaming og vedtak

Fylkesrådmannen rår til at ein stipendkomité beståande av leiarane ved Hordaland fylkesbibliotek, Bergen Off. Bibliotek, Universitetsbiblioteket i Bergen og biblioteket på Høgskulen på Vestlandet vil dele ut stipenda. Utval for kultur, idrett og regional utvikling vil få melding om tildeling. Dei som har fått antatt «paper» eller som skal delta med «poster», vil bli prioritert