Bibliotek i vidaregåande skule

Skulebiblioteket skal støtte og fremje dei utdanningsmåla som er nedfelt i målsettinga til skulen og i læreplanar.

Skulebiblioteket er ein institusjon som kan nyttast for å nå målsetjinga både om auka læringsutbytte og hindre fråfall.

Korleis arbeider vi med dette?

Fylkesbiblioteket er rådgjevande organ for skulebibliotekarar i Hordaland. Vi svarer på spørsmål, besøkjer skular og arrangerer kurs for dei tilsette på skulebiblioteka. Vi deltek også i planlegginga av nye skulebibliotek i fylket.

Hordaland fylke har vedtatt ein strategiplan for utvikling av skulebiblioteka i dei vidaregåande skulene.

It’s learning

Skulebibliotekarane i Hordaland har eit eige fag på læringsplattforma It’s learning, der det vert lagt ut lenkjer til felles ressursar, og oppslag om aktuelle sakar.

Facebook

Vi har ei lukka Facebook-gruppe som har tatt over mykje av diskusjonen som tidlegare gjekk føre seg på It's learning.

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Anne Haugen Pihl
Anne Haugen Pihl
48991242