Tilskot integreringsprosjektet Rom for møte 2019-2020

Prosjektet har som formål å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar i Hordaland, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar.

Føremål

Hordaland fylkesbibliotek har saman med Bergen Offentlige Bibliotek og Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH) blitt tildelt 1 420 000 kroner frå Gjensidigestiftinga til prosjektet Rom for møte i 2019 og 2020.

Prosjektet har som formål å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar i Hordaland, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar. I prosjektet ønsker vi å få til auka samarbeid med lokale organisasjonar og institusjonar for å utvikle tiltak og arrangementet. Prosjektet har fokus på språkforståing og digital kompetanse, som sentrale inngangar til deltaking og inkludering i det norske samfunnet. Gjensidigestiftinga har stor tru på det biblioteka i fylket gjer for inkludering.

Kven kan søke?

Kommunale folkebibliotek. Søkarar som har fått tildelt midlar før, kan også søke for 2019. Bibliotek kan også søkje saman.

Kva kan det søkast om?

Folkebiblioteka i Hordaland kan søke om midlar for å skape gjensidige møteplassar i lokalsamfunna - for flyktningar, andre innvandrarar og lokalbefolkninga.

Prosjektet legg opp til å starte aktivitetar i samarbeid med lokale krefter, som innvandrarorganisasjonar eller andre lag og grupper innan fem utvalde tiltaksområde (sjå under Rom for møte-tiltak).

Ein kan også søke om å spreie gode eksisterande tiltak til nye lokalsamfunn, tilføre pågåande aktivitetar noko ekstra eller prøve ut nye aktivitetar. Bibliotek kan søke om midlar til å administrere aktivitetane (t. d. opp til 25 % i frikjøp tilknytt større prosjekter), til materiale og arrangementsutgifter som honorar.

Støttenivå:

Budsjett: kr 237 500. Maksimal søknadssum: kr 40 000. 

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Skriv ein søknad med budsjett og informasjon om kven de eventuelt vil samarbeide med, knytt til eit eller fleire tiltaksområde.
Søknadssum: opp til 40 000 kr. Ein søker denne gongen for aktivitetar som startar i 2019. Søknadsfrist: 15. mars

Søkarar vert informerte om utfallet av søknaden etter politisk behandling 24/25 april.

Søknadar vil vurderast ut frå om tiltaket er i tråd med føremålet med ordninga, heilskap knytt til aktivitet, samarbeidspartnerar og budsjett. Vi gjer merksam på at gode søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Rom for møte-tiltak

1. Språkkaféar og norsktrening

Språkkaféar har vist seg å fungere godt både som uformelle møteplassar og for språkutvikling. Det kan t.d. søkast om midlar til å planlegge oppstart, besøke ein eksisterande språkkafé og/eller få besøk ved oppstart av ein med erfaring frå språkkafé, dessutan enkel servering. Ein søker saman med lokale krefter, dvs. organisasjonar og frivillige.

Norsktrening ses som et viktig innsatsområde i prosjektet, med muligheter for å utvide norsktreningstilbudet med ulike tiltak:

  • Essensielle ferdigheter

I dette tiltaket kan man jobbe med essensielle ferdigheter som lesing og skriving, grunnleggende digitale ferdighet og ulike former for informasjon, på nye, kreative, måter. Som for eksempel datakurs og foto/bilderedigeringskurs for å mestre den digitale hverdagen.

  • Etableringsaktivitet

I dette tiltaket kan man jobbe med etablererkurs, veiledning, rådgiving og nettverkstreff for flerspråklige gründere, entreprenører og ønskelige oppstartsbedrifter.

  •  Quiz

Det å få i stand kulturelle møter for å lære hverandre bedre å kjenne har vært vellykket i prosjekt. Ulike former for Quiz kan skape en slik uformell ramme for å lære om hverandre.

2. Lokale tradisjonar

Rom for møte har gitt midlar til lokalmiljø prosjekt innan til dømes handarbeid og den lokale kystkulturen. Det å møtes på tvers ved hjelp av tradisjonar er noko det kan søkast om i dette prosjektet også. Føremålet er møte kring felles interesser og at innvandrarar inviterast inn i det lokale fellesskapet.

3. Verkstadar

«Makerspace» er blitt ei trend innan bibliotek, der bibliotekrommet blir tatt i bruk til ulike praktiske aktiviteter. Vi ønsker å vidareføre dette tiltaket i prosjektet, som til nå har hatt fokus på det digitale. Det kan t.d. vere ein miljøklubb å lage ting av resirkulert materiale, lære om solcelleenergi og vindkraft ved hjelp av byggesett, ha fokus på matsvinn, resirkulering osv. Det er viktig at innkjøp av utstyr er tilknytt aktiviteten.

4. Rom for forteljingar

Prosjektet ønsker å støtte lokal formidlingsaktivitet, med utgangspunkt i biblioteka som ein møteplass for å dele forteljingar og musikk på tvers av kulturar. 

5. Opne rom

Prosjektet opnar for brukarinitierte tiltak som eit eige innsatsområde, der lokale krefter og ressurspersonar kan vere enda tettare på planlegginga av aktiviteten. Dette vil være en muligheit for å skape for eksempel medskapnings-aktiviteter, med et større ansvar, men også en større fridom, til å sette i gang ut frå egne brukarønsker.  Det er eit mål at aktivitetane skal baserast på felles interesser, som utgangspunkt for rom for møter i lokalsamfunnet.

Profilbilde av Terje Haugsgjerd
Terje Haugsgjerd
48990270