Prosjektarbeid

Fylkesbiblioteket driv ei rekkje utviklingsprosjekt i samarbeid med folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Mange av prosjekta er delfinansiert av Nasjonalbiblioteket. Biblioteka i fylket driv også prosjekt på eigen hand eller i dei interkommunale biblioteksamarbeida.

Rettleiing i og verkstader om prosjektsøknader

Fylkesbiblioteket rettleier bibliotek/biblioteksamarbeid i deira søknadsskriving. Før søknadsfristen til Nasjonalbiblioteket, arrangerer vi ofte verkstad i søknadsskriving for dei biblioteka som ønskjer å søke. På verkstaden går ein gjennom kriterier for gode søknader og har idédugnad rundt aktuelle og spiranden prosjektidear. Fylkesbiblioteket gjev også individuell rettleiing på enkeltsøknader.

Pågåande prosjekt ved fylkesbiblioteket

Prosjektet «Sterk, Spenstig og klar», 2014-2017

Prosjektet har som mål at innbyggjarane i Hordaland skal oppleve fornya biblioteklokale og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale bibliotekrommet, biblioteka i Hordaland skal systematisk og planmessig bli betre i stand til å oppfylle den nye formålsparagrafen i biblioteklova, og at partnarskap mellom dei regionale samarbeida og fylkesbiblioteket skal styrkast.

Prosjektet har fem strategiar:

  1. Utvikle fem folkebibliotek til modellbibliotek – eit i kvar samarbeidsregion
  2. Auke medvit og kunnskap om samlings- og romutvikling, digital kompetanse og arrangørkompetanse hjå alle tilsette i folkebiblioteka
  3. Auke tal på besøk og arrangement i folkebiblioteka
  4. Auke digital formidling og innhaldsproduksjon
  5. Profilere biblioteka sitt nye samfunnsoppdrag

 

Logo Kjelda

Prosjektperiode: 2017-2019 Støtta av Nasjonalbiblioteket

Korleis gir vi brukarane dei gode kjeldene?

Vi er engasjerte i tema i tida. Vi kan søke. Vi har med oss mobile oppslagsverk kor enn vi er, og er pålogga det meste av dagen. Finn vi sann nøytral informasjon? Biblioteka har ei truverdig stemme i informasjonsflaumen, men kan med fordel prate høgare. I prosjektet «Kjelda» er målet å gi brukarane dei gode kjeldene og samstundes eit breiare bilde av kva biblioteket kan by på.

Sanning eller fake news?

Mange er opptekne av tema i kring å halde seg sunn, sterk og glad. Veit folk at Helsebiblioteket har kvalitetssikra oppslagsverk, forsking og artiklar om ei rekkje tema som psykisk helse, kosthald og ernæring? Finn dei Helsebiblioteket eller klikkar dei like gjerne på ei annonse med påstandar om eit vedundermiddel?

Mange er opptekne av plastproblematikken i havet og klimaendringane. Veit folk at Miljøstatus mellom anna har ein app for å sjekke miljøstatus akkurat der du er? Finn dei Miljøstatus på sin søkeferd eller hamnar dei like fort ein stad med debatt om menneskeskapte klimaendringar finst i det store og heile?

Teste og finne metodar

For bibliotektilsette er det ei utfordring både å ha oversikt over dei gode kjeldene til ei kvar tid, og vete korleis dei best kan formidle dei vidare. Hovudmålet med «Kjelda» er å sitje att med effektive metodar for å formidle gode kjelder, som vi kan halde fram med etter prosjektperioden.

Biblioteknettstadene har mykje å by på for innbyggjarane i kommunane. Målet med prosjektet er også at fleire skal finne og dra nytte av innhaldet og tenestene til biblioteka.

Vi har valt ut elleve kjelder og analysert bruken av desse saman med KnowIT. Helsebiblioteket og Miljøstatus er to av kjeldene vi går nærare inn i. Begge er døme på breie ressursar som ei rekkje fagpersonar og organisasjonar står bak, og som heile tida blir oppdaterte og utvikla vidare.

Vi samarbeider med dei som står bak ressursane. I tillegg har vi gitt ekspertar på sine område i oppdrag å skrive artiklar som skal vekkje interesse for kjeldene. Vi skal også halde fram å skrive tematekstar sjølv.
KnowIT hjelper oss med testinga av ulike versjonar (tekst, film, kombinasjonar osb.) på biblioteknettstadene. Dette vil lære oss meir om dei digitale vegane til brukarane og kva som fungerer. Målet er å finne nye måtar å formidle kjelder på, med vekt på brukaroppleving. To biblioteknettstader, for fire kommunar til saman, er valt ut som pilotar for testinga.

Nokon av ekspertane blir også spurt om å halde foredrag i biblioteket. Andre typar arrangement kring tema frå kjeldene er også aktuelt å teste for å sjå korleis dette kan auke interessa og kjennskapen.


Oppfølging av biblioteknettstadene

Vi vil starta med regionale verkstader for bibliotektilsette i fylket der vi skal vise kjeldene, og diskutere korleis ein kan nytte biblioteknettstaden i formidlingsarbeidet.

Hausten 2018 startar også arbeidet med systematisk gjennomgang av teknikken på baksida av biblioteknettstadene, for å sikre at innhaldet kjem fram for brukarane etter relevante søk. Vi er dessutan i gang med å utarbeide generelle rutinar for oppfølging av biblioteknettstadene frå fylkesbiblioteket si side, noko som er eit anna viktig tiltak i prosjektet.

Prosjektorganisering

Kari Skibenes, Terje Haugsgjerd, Anne Haugen Pihl og Lena J. Glesnes frå fylkesbiblioteket utgjer prosjektgruppa. I referansegruppa er det med representantar frå folkebiblioteka, vgs.-bibliotek, Universitetsbiblioteket/spesialsamlinger og Universitetsmuseet.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Terje Haugsgjerd om du har spørsmål eller innspel.