Prosjekt

Fylkesbiblioteket driv ei rekkje utviklingsprosjekt i samarbeid med folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Mange av prosjekta er delfinansiert av Nasjonalbiblioteket. Biblioteka i fylket driv også prosjekt på eigen hand eller i dei interkommunale biblioteksamarbeida.

Rettleiing i og verkstader om prosjektsøknader

Fylkesbiblioteket rettleier bibliotek/biblioteksamarbeid i deira søknadsskriving. Før søknadsfristen til Nasjonalbiblioteket, arrangerer vi ofte verkstad i søknadsskriving for dei biblioteka som ønskjer å søke. På verkstaden går ein gjennom kriterier for gode søknader og har idédugnad rundt aktuelle og spiranden prosjektidear. Fylkesbiblioteket gjev også individuell rettleiing på enkeltsøknader.

Pågåande prosjekt ved fylkesbiblioteket:

Bokåret 2019

I år er det 500 år sidan den første norske boka blei trykt! For å feire denne historisk viktige hendinga har Nasjonalbiblioteket tatt initiativet til ei stor nasjonal markering, nemleg BOKÅRET 2019, som skal markerast i heile landet med 1500 arrangement i 500 bibliotek.

Fylkesbiblioteket i Hordaland har fått tildelt kr. 800 000 frå Nasjonalbiblioteket for å lage 206 arrangement på 206 ulike stader i 32 kommunar i Hordaland fylke. Alle folkebiblioteka i Hordaland skal vere med på å markere Bokåret 2019. I tillegg til dei stasjonære biblioteka vil bokbåten Epos og dei fire kommunale bokbussane ha med seg gode arrangement til kvar kring og krok i fylket.

Ta kontakt med Sigrid Furnes for meir informasjon. 
Her kan lese meir om kva for tiltak i Bokåret du kan søke støtte til. 

Interkommunale samarbeidsprosjekt

No kan du søke om støtte til interkommale prosjekt. Ordninga skal bidra til å stimulere folkebiblioteka til samarbeid om arrangement knytt til bøker, lesing og formidling av bibliotekets innhaldsressursar, kopla til gjennomføring av Bokåret 2019. Midlane kan også nyttast til å styrke samarbeidet mellom bibliotek i etablerte samarbeidsregionar.
Les meir og søk om støtte her. 

Kjelda

Prosjektperiode: 2017-2019. Støtta av Nasjonalbiblioteket.
Korleis gir vi brukarane dei gode kjeldene? Vi er engasjerte i tema i tida. Vi kan søke. Vi har med oss mobile oppslagsverk kor enn vi er, og er pålogga det meste av dagen. Finn vi sann nøytral informasjon? Biblioteka har ei truverdig stemme i informasjonsflaumen, men kan med fordel prate høgare. I prosjektet «Kjelda» er målet å gi brukarane dei gode kjeldene og samstundes eit breiare bilde av kva biblioteket kan by på.

For bibliotektilsette er det ei utfordring både å ha oversikt over dei gode kjeldene til ei kvar tid, og vete korleis dei best kan formidle dei vidare. Hovudmålet med «Kjelda» er å sitje att med effektive metodar for å formidle gode kjelder, som vi kan halde fram med etter prosjektperioden. Biblioteknettstadene har mykje å by på for innbyggjarane i kommunane. Målet med prosjektet er også at fleire skal finne og dra nytte av innhaldet og tenestene til biblioteka.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Terje Haugsgjerd om du har spørsmål eller innspel.

Modellbibliotek

Biblioteket skal vere møteplass og arena. Vi har eit behov for å synleggjere nye tenester og samarbeidsformer og byggje ned samlingane. For å bli meir moderne og attraktive, treng fleire folkebibliotek i større eller mindre omfang å endre seg. Fleire treng nye eller renoverte lokale for å oppfylle samfunnssoppdraget sitt. Biblioteket som søkjer, må ha ambisjonar om å bli eit kunnskaps- og aktivitetssentrum, ein uformell møtestad og arena for kulturopplevingar, offentleg samtale og debatt. Eit anna aspekt kan vere utprøving av nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer. Det bør også vurderast om biblioteket skal vere meir ope.
Les meir om korleis ein kan søke støtte for å vere modellbibliotek her. 

Rom for møte

Prosjektperiode: 2017 - 2020.
Det Felles Innvandrerråd i Hordaland har saman med Bergen Offentlige Bibliotek og Hordaland fylkesbibliotek fekk nye 1 420 000 kroner frå Gjensidigestiftinga i desember 2018, til å vidareføre arbeidet med å vise mangfald og auke integreringa mellom nordmenn og innvandrarar i prosjektet Rom for møte. Prosjektet har tidlegare motteke 1 million.

I 2018 var det tiltak i sju kommunar. Det blei arrangert Rom for møte-turné i Askøy, Fjell og Sund.

Søk om tilskot til tiltak i din kommune her.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Terje Haugsgjerd om du har spørsmål eller innspel.

Sjå elles under Litteratur og formidling, for lese- og formidlingsprosjekt


Avslutta prosjekt

Rapport frå studietur til Danmark 1.-5. mai 2019 (pdf, 1 mb)

Folkebiblioteket som offentleg arena for klimadebatt 2017-2019 (pdf, 1,3 mb)

Rapport frå studietur til Nederland 15.-19. oktober 2018 (pdf, 11 mb)

Sluttrapport frå «Sterk, Spenstig og klar», 2014-2017 (pdf, 169 kb)