Fagleg rettleiing til bibliotek og kommunar

Fylkesbiblioteket er bibliotekfagleg rådgjevar for kommunane og biblioteka i vidaregåande opplæring.

Vi initierer, leier, finansierer og støttar utviklingsarbeid i biblioteka i Hordaland og utviklar fem regionale biblioteksamarbeid i samarbeid med 32 kommunar. Fylkesbiblioteket driv ei rekkje utviklingsprosjekt i samarbeid med folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Fylkesbiblioteket har kompetanse på utvikling av folke- og skulebibliotek. Ta kontakt om du ønskjer eit råd eller at vi skal delta på eit møte om bibliotekutvikling i kommunen.
Her finn du oversikt over tilsette.  

Bibliotekplanarbeid

Fylkesbiblioteket bidrar gjerne i arbeidet med bibliotekplan i kommunane. Vi kan delta i plangruppe, og elles kome med innspel til strategiar og tiltak i planen. Inviter oss gjerne med i planarbeidet.

Biblioteksamarbeid

32 av kommunane i Hordaland deltek i interkommunalt biblioteksamarbeid. Fylkesbiblioteket bidrar med initiering, koordinering og spisskompetanse inn i samarbeida. I tillegg har ein gjeve støtte til prosjektleiing og kompetanseheving.

Målet for biblioteksamarbeida er at biblioteka skal utfylle kvarandre og saman gje eit best mogleg tilbod i sin region. Dei samla personal- og samlingsressursane vert nytta betre, og folkebiblioteka blir meir synlege som kultur- og kunnskapsformidlarar på tvers av kommunegrensene.

Prosjekt

Fylkesbiblioteket rettleier i søknadsskriving. Før søknadsfristen til Nasjonalbiblioteket, arrangerer vi gjerne verkstad i søknadsskriving for dei biblioteka som ønskjer å søke. På verkstaden går ein gjennom kriterier for gode søknader og har idédugnad rundt aktuelle og spirande prosjektidear. Fylkesbiblioteket gjev også individuell rettleiing på enkeltsøknader.

Utvikling av nettstader

Fylkesbiblioteket utviklar biblioteknettstadar i samarbeid med det einskilde bibliotek, og gjennom regionale samarbeid ved å ta initiativ til og leie utviklingsprosjekt og å bidra med kompetanseheving. Ei særskilt utfordring er å tilpasse biblioteknettsider til mobilbruk og utvikle nytt mobilt innhald.

Samlingsutvikling

Fylkesbiblioteket har som mål at bibliotektilsette gjennom jamlege kurs og andre tiltak skal ha god kjennskap til samlingsutvikling. Dette gjeld både ved innkjøp av nytt materiale og kassering. I tillegg kan vi tilby det einskilde biblioteket hjelp med gjennomgang og aktualisering av samlingane.

Areal og lokale

Skal du bygge nytt bibliotek, eller bygge om ditt eksisterande? Fylkesbiblioteket kan rettleie og hjelpe til med prosessen og vise vidare til interiørarkitektar og leverandørar.

Tilsetjing av biblioteksjef

Fylkesbiblioteket rettleiar kommunane ved utlysing og tilsetting av biblioteksjef. Lov om folkebibliotek stadfestar at alle kommunar skal ha fagutdanna biblioteksjef, og ved utlysning av ledig stilling som biblioteksjef, skal det stillast krav om fagutdanning. Departementet kan dispensere frå avgjerda om fagutdanning i særskilte tilfelle. 

Følg oss på Facebook.

Nasjonalbiblioteket sine ressursar for bibliotekutvikling.