Korleis låne e-bøker?
Frå 1. juli 2019 vil det berre vere Bookbites som kan nyttast til å låne e-bøker frå biblioteka i Hordaland (utan Bergen). Bergen offentlige bibliotek vil tilby eBokBib ut 2019.
Bookbites
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epostadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker, last ned og les
Treng du hjelp?
Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites
Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.