Slik fungerer e-lån
Her finn du informasjon om appen som du treng for å låne e-bøker i biblioteka i fylket.
Slik låner du bøkerDigitale medium er ein del av materialet som skal stillast til disposisjon ved eit folkebibliotek, og innbyggarane nyttar i aukande grad tilboda om digitale medium frå biblioteka.
Fylkesbiblioteket organiserer fylkesdekkande avtaler og fellesløysingar, og er slik med på å sikre innbyggarane lik tilgang til oppdaterte digitale ressursar for litteratur, kunnskap og kultur.
Utlån av e-bøker
Biblioteka i Hordaland har ei felles samling med e-bøker og eit system som gjer det mogleg for alle folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skulane i fylket å låne ut e-bøker til brukarane sine. Fylkesbiblioteket organiserer dette for biblioteka. Bergen er ikkje med i denne fellesløysinga, men har si eiga løysing.
Ønskjer du å låne e-bøker frå eit bibliotek i fylket, må du ha eit nasjonalt lånekort og ein pinkode.
Press Reader
Fylkesbiblioteket har inngått ein fylkesdekkande avtale på vegne av folkebiblioteka som gjer det mogleg å tilby avistenesta PressReader til bibliotekbrukarane. PressRreader gjev digital tilgang til over 7000 dagferske aviser og tidsskrift på meir enn 60 ulike språk.